Fjordfondet skal stimulere til nyskaping og framtidsretta næringsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Fondet skal støtte unge verksemder i ein tidleg fase av utviklinga. Me premierer idear som er forankra i å byggje arbeidsplassar, tar samfunnsansvar, berekraft og allmennyttige verdiar.
Fjordfondet for 2026 er på inntil 600 000 kroner, kvar ei bedrift eller prosjekt kan motta inntil 200 000 kroner.
Kven kan søka?
- Søkjar må vere i oppstartsfasen, og ikkje vera eldre enn fem år ved søknadstidspunktet. Etablerte bedrifter, som alt har veletablerte produkt eller tenester i marknaden, kan ikkje motta støtte, sjølv om dei kjem med nyskapande prosjekt.
- Søkjarar som utviklar nyskapande produkt, tenester, produksjonsmetodar, forretningsmodellar eller liknande vert prioriterte.
- I tillegg til innovasjon er det viktig å gjere greie for om det er ein marknad for ideen, og tankar om kven kundane er.
- Søknaden skal gjere greie for om ideen er med å dei byggjer opp under FN sine berekraftsmål eller ikkje. Dette omfattar både grøn omstilling og andre mål som byggjer opp under dette, som t.d. livet i havet, god helse, ansvarleg forbruk og produksjon, utdanning, likestilling eller berekraftige lokalsamfunn.
- Søkjar må halde til i Bjørnafjorden kommune, eller vere del av eit prosjekt med sterk tilknytning til kommunen.
- Mottakar skal vera organisert (Aksjeselskap, Enkeltpersonforetak eller anna organisasjonsform). Det er mogleg å søkje om ein er under etablering eller planlegger etablering, men må ein opplyse om det i søknadsskjema.
Søknadsfrist var søndag 11.10.2026 – kl 23:59.
Bjørnafjorden næringsråd og Sparebanken Norge utnemner ein jury for å vurdera bedriftene og prosjekta.
Det er trygt å sende inn søknader, så ver ærleg. Alle innsendte bidrag vert handsama konfidensielt, og medlemmene av juryen underteiknar avtale som ivaretek dette.
Tildelinga skjer på Bjørnafjordkonferansen fredag 13. november. Dei som vert tildelt gåvemidlar frå fondet må være tilgjengeleg til eit videointervju gjort rundt 2-3 veker før sjølve utdelinga. Med tildelinga følgjer billett til Bjørnafjordkonferansen og Bjørnafjordfesten.