Opprop: Strømstøtte til bedrifter
Opprop: Strømstøtte til bedrifter – «sugerør inn i Statskassa og inflasjon»– har du hørt på makan
Det er med vantru og stor bekymring vi ser korleis næringslivet vert omtalt når ein ber om strømstøtte til bedrifter i ein krevjande situasjon. Mistenkeliggjering om at «bedriftsledere puttar pengane rett i lomma» «sugerør inn i Statskassa». Og økonomar som argumenterer med at strømstøtten i seg sjøl vil vera inflasjonsdrivande.
For dei aller fleste små og mellomstore bedrifter er ein vedvarende auke i strømutgiftene ein stor trussel mot lønnsemda i bedriftene, og ulønsomme bedrifter er rett og slett «dårleg butikk». I den grad ei bedrift har moglegheit til å legge på prisane sine (ut frå konkurransesituasjonen, og kva marknaden er villig til å betale), vil dette sjølvsagt bli gjort – dette er inflasjonsdrivande!
Vi ser ingen grunn til at ikkje bedriftene skal få tilbake nokre av dei milliardane som har rent inn i Statskassen dei siste månadene. Dette kan gjerast ved å setje eit tak på strømprisen eller ta vekk nokre av avgiftene. Ein enkel modell som ikkje er vanskeleg verken å setja i verk, administrera eller kontrollera.
Det viktigaste vi kan gjere for å skape nye arbeidsplassar er faktisk å ta vare på dei i utgangspunktet sunne og levedyktige arbeidsplassane som er. Når til døme eit lite, lokalt bakeri får firedobla strømutgiftene sine, er det ikkje sikkert marknaden er villig å betale den auka prisen for brød og bollar. Vår frykt er at mange ikkje lenger vil drive verksemd – det vil bli færre gründarar og næringslivet vil miste det fantastiske mangfaldet vi har med små- og mellomstore lokale bedrifter. Stikk i strid med det Regjeringa med næringsministeren i spissen, har sagt er målsetjinga.
Billig kraft var Norge sitt fortrinn, og suksessfaktor for den tidlige industrien 100 år tilbake i tid. Igjen må Regjering og Storting spørje kva som skal være vårt framtidige fortrinn inn i det grønne skiftet.
Eit næringsliv i omstilling må ha forutsigbare rammevilkår. Det som skjer nå vil lamme denne omstillinga fullstendig.
Dagens krise er delvis skapt av staten sjøl, noko som gjer det naturlig at den hjelper. Manglande utbygging av sentralt overføringsnett gjer oss her vest eit paradoks der vi produserer mykje meir enn vi forbruker, men ledningane gjer det lettare å føre strømmen austover enn vestover. Manglande overføringskapasitet mellom nord og sør i Norge, betyr i praksis at næringslivet i Vestland får svært ulike rammevilkår enn nord for oss.
Tilgang på kraft, elektrifisering, aukande energiprisar – vi ser at Regjering og Storting har mange kortsiktige og langsiktige problemstillingar som må løysast. Om det ikkje kjem løysingar for næringslivet på dagens strømpris snarast, vil det bety kroken på døra for mange bedrifter. Dagens system gjer også store utslag. Hushaldningane vert kompensert. Store, kraftkrevjande bedrifter har langsiktige avtaler, som i noko grad skjermar dei. Landbruket har fått kompensasjon. Offshoreinstallasjonane sitt skattesystem betyr at staten tar 78% av regninga. Det offentlege vert kompensert og tenar til dels på dette.
Det som står igjen er ryggraden i det norske næringslivet, dei små og mellomstore bedriftene, handel, verksteder og verft, og reiseliv. Dei einaste som betalar full marknadspris.