28. april 2023

Vi snakkar med Faginnredning AS!

– Å strukturere og digitalisere produksjonen er nøkkelen til suksess, avgjer fabrikkeigar Birger Aga.

Tekst: Irene R. Mjelde

Dagleg leiar hos Faginnredning AS ferierer på same måte som han driftar fabrikken sin, uredd og framoverlend. Nyleg kom han heim etter ei veke på Svalbard, der han overnatta i telt i isøydet ein 200 kilometer lang scootertur frå Longyearbyen.

– Snø og stiv kuling i 30 minusgradar er kaldt. Det var ei hard veke som det er veldig stas å ha gjennomført, seier Birger Aga.

Det låg ikkje i korta at Aga skulle bli skuteførar på møbelfabrikk. Han hadde bakgrunn frå entreprenørbransjen, og som marknadsdirektør for E.A. Smith-gruppa og Bygger’n byggevarehus, den gongen tilfeldigheiter gjorde at han hamna hos Faginnredning. Etter kort tid kjøpte han seg inn med 20 prosent i bedrifta.

– Interessa for drifta steig endå nokre hakk. Då eg ein dag i 2011 spurte eigaren om det kunne vera aktuelt å få kjøpa fleire prosentar, reiste han seg utan eit ord og forlet møterommet. «Pokkern! No har eg sikkert fornærma han grovt» frykta eg. Men neida, dagen etter kom leiaren tilbake med orda: «Birger, du kan få kjøpe heile fabrikken.»

Og det gjorde han.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– Då eg tok over Faginnredning AS var fabrikken veldriven, men han hadde behov for ei oppgradering. Det trongst oppdatering og modernisering, både når det gjaldt styringssystem og maskinpark.

Aga tok tak, og møbelfabrikken går no med særs gode resultat.

– Eg har med meg mange flinke folk. Det gjer meg audmjuk og rørt å sjå innsatsen og engasjementet deira. Saman har me dobla omsetninga vår, og er no ei av dei fremste bedriftene i landet når det gjeld produksjonsteknikkar, i vår bransje. Dei største møbelkonserna kan me ikkje samanlikne oss med.

Tidlegare var det kjøkkenproduksjon både for privat- og næringsmarknaden som var Faginnredning sitt felt. No er det spesialinnreiing av næringsbygg bedrifta har fokus på; skular, barnehagar, kontorbygg, sjukeheimar, sjukehus, flyplassar og restaurantar.

– I stor grad blir innreiinga vår spesialteikna av interiørarkitektar. Det skaper stor variasjon i ordremassen, og som oftast er den neste ordren heilt ulik den førre.

– Kva konkurransefortrinn har Faginnredning AS?

– Vårt største fortrinn er at me, samanlikna med liknande bedrifter til dømes i Aust-Europa, er ein lokal produksjon. Det gjer at me har kort leveringstid. Me produserer alle møbeldelar sjølv og handterer ordrane på ein rasjonell og fleksibel måte. I alle prosjekt skjer det uforutsette ting, særleg i den hektiske byggefasen. Om kunden då ombestemmer seg angåande design, eller vil supplere med noko, kan me snu oss rundt lage det slik kunden ønskjer, utan at det medfører store forseinkingar.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Han svingar. Etterdønningar etter korona, samtidig som me skifta fabrikksjef, gjorde særleg 2022 til eit strevsamt år. Ein lang periode fungerte eg i tre stillingar. Det medverka nok til duppen me hadde i omsetnad.

Inngangen av 2023 har vore heilt i den andre enden av skalaen.

– Dette året kom med ein knallstart. Første kvartal svarte til halve fjoråret. Om året heldt fram som det starta, kjem me til å sprenge alle grenser.

Aga forklarar det gode resultatet med investeringsgrepa bedrifta har utført.

– Effekten av satsingane me har gjort dei siste åra nyt me godt av no. Maskinar og robotar er fornya, og ikkje minst har produksjonsstyresystemet me har oppgradert til vore optimaliserande. Me har redusert produksjonskostnadene og auka produksjonskapasiteten.

Ofte blir han spurt om dette får konsekvensar for talet av tilsette.

– Svaret på spørsmålet er nei. Det berre aukar kapasiteten vår.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Den største utfordringa er tilgangen på god fagkompetanse. Utdanninga innan vårt yrke har lagt brakk i mange år. Heldigvis begynner fokuset som har vore på å tilsette lærlingar å gje ein viss effekt.

Når det gjeld rekruttering av arbeidskraft er lokaliseringa deira i Rolvsvågen ei utfordring.

– Det er vanskeleg å skape stabilitet i bemanningsstokken. Det er slutt på tida då arbeidarar blei verande ved same arbeidsstad i 20 år. Folk flyttar på seg. Per i dag har me ikkje mista arbeidarar på grunn av konfliktar eller mistrivnad, men lønnspresset i handverksnæringa er vanskeleg å halde følgje med.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko du ville ha endra?

– Ja! På driftskostnadssida tar dei høge straumprisane kraftig på for ein stor maskinpark som durar og går. Hadde fabrikken lagt nord for Dovre ville me fått tilbakebetalt mykje av desse kostnadene. Eg kan ikkje med min beste vilje forstå kvifor regjeringa går inn for slik forskjellsbehandling innom eigne landegrenser, sukkar Aga.

Han påpeiker òg dei sterkt stigande materialkostnadene.

– Når kontraktar blir skrivne eit år før byggestart er det vanskeleg å ta høgde for prisane som vil vere der inne i framtida. Vi har til dømes varer som har hatt over 100 prosent prisstigning det siste året.

Avgiftspolitikken til staten er han heller ikkje begeistra for.

– Det hadde vore interessant å samanlikna skattlegginga no, kontra då eg tok over fabrikken for ti år sidan. Formueskatt og utbytteskatt blir heile tida skrudd eit knepp opp. Til dømes kom det nyleg endå ei auking i arbeidsgjevaravgifta.

Aga vedgår å ha liten respekt for politikken som blir ført. Han meiner politikarane burde sett på kvar skoen generelt sett trykker hos små og mellomstore bedrifter.

– Det er ein grunn til at talet på konkursar steig med 40 prosent første kvartal i år. Dei må spørje seg kvifor!

– I lønnsforhandlingar snakkast det om store leiarløner. Men dette gjeld store konsern. Det har ikkje noko med oss andre å gjere, det er tilsette hos oss som har høgre løn enn meg. Eg er nøydd til å ta ut utbytte for å betale skattane eg er pålagt, og betaler høg utbytteskatt på pengar eg allereie har skatta solid av. Formueskatten er basert på ein verdi som ikkje er realisert, ein teoretisk verdi av kva selskapet mitt er verd. Det er ikkje pengar eg har, berre tal på eit papir. I verste fall kan bedrifta gå konkurs om eit halvår. Då har ho null verd. Politikken rundt formueskatten er heilt hinsides idiotisk, frustrerer Aga.

Så ler han.

– Huff! Eg kan ikkje snakke politikk, då kokar det i topplokket. Eg beundrar alle som driv små og mellomstore bedrifter, for det er verkeleg inga dans på roser. Me er ei viktig brikke i samfunnet. Landet sine små og mellomstore bedrifter skapar samla fleire arbeidsplassar enn det dei store konserna gjer. Og det utan at me blir lytta til.

– Kva planer har de for framtida?  

– Faginnredning AS har visjonære mål for framtida. Me skal auka produksjonen vår ytterlegare, ved å forbetre maskinparken og rasjonalisera produksjonsprosessane endå litt meir. Me skal òg ta eit endå betre grep om marknaden.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Me er medlem av Samnanger næringsråd, som er medlem av Bjørnafjorden næringsråd. Desse instansane gjer ein framifrå jobb for næringslivet i området, understrekar Aga, som sjølv i si tid var med på å starte Kvam næringsråd.

– Tema Bjørnafjorden næringsråd tar opp er interessante og dagsaktuelle, men dessverre nyttar Faginnredning seg for lite av dei gode tiltaka deira.

Han påpeiker at det å vere med i ei slik «klynge» har mange positive ringverknader, om ein deltar.

– Business gjev business! Informasjons- og erfaringsutveksling med andre næringsrådmedlemmar er særs viktig. Eg har eit stort ønskje om å vere ein tydelegare del av næringslivet i Bjørnafjorden i framtida.

Fakta om Faginnredning AS:                                                                                                   

  • Produserer tilpassa innreiing til næringsbygg over hele Noreg.
  • Fabrikken ligg i Rolvsvåg industriområde.
  • Har 30 tilsette, samt innleigde montørar som supplerer eigen montørstab.
  • Årleg omsetnad er 40 millionar.
  • Eigarar og dagleg leiar er Birger Aga.
  • Har røter i Os kommune heilt tilbake til 1800-talet. Bedrifta flytta til Rolvsvåg i Samnanger kommune i 1987.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: faginnredning.no
Faginnredning