29.06.2023

Vi snakkar med Azets!

Vi snakkar med Azets

I Irisbygget på Osøyro sit elleve rekneskapsførarar klare til å sjonglere tal for Bjørnafjorden sine bedrifter.

Tekst: Irene R. Mjelde

– Azets si avdeling i Bjørnafjorden er ein del av noko veldig stort. Bedrifta er eit internasjonalt kompetansehus med rundt 7500 tilsette rundt om i Norden, Storbritannia og Irland, informerer Bodil Dale Engevik.

Ho har arbeidd for firmaet sidan 2001, og har dei ti siste åra vore avdelingsleiar for den delen av rekneskapsbedrifta som er lokalisert på Os og på Våge. I tillegg har ho sidan 2021 vore regionsleiar for alle Azets sine kontor i region vest; Bømlo, Stord, Tysnes, Os, Bergen, Sotra, Voss, Øystese og Odda.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– Azets leverer løns- og rekneskapstenester, rådgjeving og årsoppgersarbeid, og me sørvar kundar over heile Bjørnafjorden kommune, samt Tysnes og området rundt. Avdelinga på Os er eit veletablert rekneskapskontor med anar så langt tilbake som til 70-talet, men bedrifta, under det noverande namnet og i forma det har no, starta i 1995.

Tolv tilsette har sitt virke i rekneskapsbedrifta, avdeling Bjørnafjorden. Av dei sit ein rekneskapsførar i den nyetablerte kontoravdelinga på Våge. Sistemann på laget starta i jobben no i juni.

– Det har vore stor etterspørsel etter tenestene våre, og bedrifta har hatt ein fin vekst dei siste åra, fortel Dale Engevik.

– Kva konkurransefortrinn har Azets?

– Bedrifta vår har to gode konkurransefortrinn. For det første har me tilgang til det som finst av ulike rekneskapssystem, og er såleis systemuavhengige i tilbodet me gjev kundane våre. Me kan bruke det systemet som passar kunden best, og skreddarsy tilbodet vårt til både små og store selskap, anten dei vil gjere ein del av rekneskapsprosessen sjølv, eller overlate alt til oss.

Det andre fortrinnet Dale Engevik reiegjer for er fordelen av å ha ein stor og god organisasjon i ryggen.

– Om det skulle bli behov for kunnskap som me ikkje har på kontoret her i Bjørnafjorden, har me bransje- og fagspesialistar tilgjengeleg ved andre kontor i Noreg, og over store deler av verda.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Eg vil seie at marknaden innan vårt felt er særs god. Me har mange førespurnader og mykje arbeid.

Staten kjem jamleg med nye lovar, reglar og autorisasjonskrav.

– Svært mange bedrifter har ikkje moglegheit til å møte alle desse krava på eiga hand. Rekneskap er eit fagfelt. Mange firmaeigarar finn systemet uoversiktleg og komplisert, og syns det er trygt og enkelt å kjøpe rekneskapstenester av ein autorisert leverandør.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Generelt i bransjen trur eg den største utfordringa er å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft. For vår del har det lausna den siste tida, men i periodar har me strevd med å finne fram til nye kollegaar som er fullgodt kvalifiserte til arbeidet.

Det å måtte seie nei til oppdrag på grunn av at dei er for få tilsette, prøver Dale Engevik å unngå.

– Heldigvis er det svært sjeldan det har skjedd at me ikkje har hatt kapasitet til å ta imot nye kundar.

– Korleis er rammevilkåra for dykkar bransje? Er det noko du helst ville ha endra på?

– Etter mi meining har me som leverer rekneskapstenester fint lite å klage på. Når andre bransjar har hatt det vanskeleg gjennom både pandemien og andre utfordringar, har våre tilhøve vore gode. Under nedstenginga kunne me berre ta lap-toppen med oss heim og gjere arbeidet vårt der.

Mange hadde på den tida behov for hjelp med til dømes kompensasjonssøknader, og Azets hadde rikeleg med arbeid. Ofte meir enn det som var vanleg.

– Det er viktig for oss å heie fram andre bransjar, og me er opptatt av å jobbe for og betre kundane våre sine rammevilkår.

– Kva planer har de for framtida?   

– Planen for framtida er å halde fram med å alltid vere eit steg framfor. Me har fokus på å vere innovative, å heile tida ta i bruk det nyaste av teknologi, slik at me kan gje kundane våre ein god leveranse med den beste kvaliteten som er å få.

Azets har tankar og idear for korleis dei skal vekse endå meir i regionen sin, og bedrifta er heile tida rusta for dei teknologiske endringane som ligg framfor dei.

– Desse tankane kjenner eg meg veldig trygg i, for globalt har Azets stort fokus på framtid og innovasjon, seier Dale Engevik.

Bedriftsavdelinga i Bjørnafjorden sin strategi er at dei òg i framtida skal vere lokalt plassert.

– Det er viktig å vere til stades der kundane våre er. Det er òg difor me har etablert kontoret vårt på Våge. Me vil gå framtida i møte saman med kundane våre.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det har stor verdi. I næringsrådet knyter me veldig mange kontaktar til næringslivet i området. Der møter me samarbeidspartnarar, kundar og potensielle nye kundar. Azets vil gjerne bidra inn mot dette nettverket, på frukostmøter, seminar eller andre arrangement.

Dale Engevik påpeiker at næringsrådet gjer ein strålande jobb.

– Dei har ein dyktig leiar og mange gode arrangement, som me prøver å prioritere sjølv om det ikkje er alltid at tida strekk til. Eg er verkeleg glad for at me har eit sterkt næringsliv i kommunen, som kan stå saman i næringsrådet.

Fakta om Azets:

  • Rekneskapsbyrå for Bjørnafjorden kommune, samt kommunar i omegn.
  • Ligg i Hamnevegen 48 på Os.
  • Har 12 tilsette i avdelinga for Bjørnafjorden, fordelt på Os og Våge.
  • Etablert i 1995.
  • Medlem av, og samarbeidspartnar med, Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: azets.no