Tirsdag 14. mai
Vi inviterar deg til eit svært aktuelt kurs i sosiale media, skreddarsydd for bedrifter som ynskjer å utnytte dei nyaste trendane og teknikkane for å skape trafikk og omsetning via digitale kanalar.
Kva vil du lære?
- Betydinga av sosiale medium i dagens marknad: Få ein djupare forståing av korleis sosiale medium kan påverke og forbetre synlegheita og kundetilfredsheten til di bedrift.
- Strategiske tilnærmingar for suksess: Lær korleis du identifiserer og engasjerer di målgruppe med autentisk og overtydande innhald.
- Praktiske ferdigheiter i innhaldsskaping: Delta i hands-on øvingar for å skape visuelt tiltalande og verknadsfullt innhald som resonnerer med dine kundar.
DATO: 14.05.2024
TID: 9.00 – 12.00 (lunsj & mingling frå 11.00)
STAD: Stallmestergaarden, Moldegaard – Bjånesvegen 23, 5211 Os
Det vil òg bli sett opp eit oppfølgingskurs etter sommeren. Følg gjerne med på Bjørnafjorden Næringsråd sine sider for meir informasjon.
Interaktiv workshop og Q&A:
Kurset inkluderer òg ein interaktiv workshop der du kan diskutere problemstillingar og få svar direkte knytt til di verksemd, i tillegg til ein open spørsmål- og svarøkt der du kan få svar på spesifikke utfordringar du ikkje ein gong visste du hadde, basert på andres erfaringar.
Foredragshalder: Ronnie Kristensen
Ronnie Kristensen er ein seriegründer og føredragshaldar med over 15 års erfaring i å bruke sosiale medium til å bygge opp eigne og andres verksemder.
Frå august 2021 til 2023 bygde han opp, saman med gode tilsette, Influencer Value frå 0,- til 5 millionar i omsetning utan startkapital og berre ved å nytte moglegheitene som ligg i Instagram, TikTok, Snapchat, Facebook og YouTube.
Kven bør delta?
Alle som jobbar med marknadsføring, kommunikasjon, eller leiar eit team innan sosiale medium i eigen bedrift, samt dei som ønskjer å utforske nye område for inntening.
Det spelar ingen rolle om di bedrift er stor eller liten, dette kurset vil gje nyttige innsikter og praktiske ferdigheiter som kan takast i bruk umiddelbart.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere
Fredag 05. mai
Korleis kan teknologi gi innsikt til å gjera mental helse og robuste tilsette til eit konkurransefortrinn?
I vanskelege tider blir viktigheita av robuste tilsette tydelegare. Korleis kan vi hjelpa våre tilsette til å halda oppe kapasiteten og la motgang bli ei kjelde til motivasjon og læring, framfor resignasjon og stress?
Gjennom innsikt og forståing av korleis tilsette har det, kan vi rigga organisasjonen til å utvikla robuste, produktive og fornøgde tilsette. Dermed kan ein maksimera dei positive og minimera dei negative effektane av motstand og tilbakeslag, og gjera våre tilsette til eit konkurransefortrinn.
For å lykkast med å gjera endringar treng ein innsikt, motivasjon og ressursar; i dette frukostmøtet vil du få alt dette og litt til.
- Stad: Kommunestyresalen, Rådhuset
- Tid: 8.30-10.00 (frukost & mingling frå kl 8.00)
- Pris: gratis for medlemmer / 200kr for ikkje medlemmer
Foredragsholder:
Gudmundur Ebenezer
Agenda for frukostmøtet:
- 8.00 – 8.30: Frukost & mingling
- 8.30 – 10.00: Lifekeys v/ Gudmundur Ebenezer klargjer tema om korleis teknologi kan gi innsikt til å gjera mental helse og robuste tilsette til eit konkurransefortrinn?
- 10.00 – 10.30: Avslutning og spørsmål
I dette frukostmøtet vil du læra meir om:
- Korleis HR-verktøy kan gi viktig innsikt i korleis tilsette har det.
- Kva vi kan gjera for å dra nytte av innsikta, hjelpa leiinga med å treffa rette avgjerder, og sikra at det fører til forbetringar i organisasjonen.
- Kva som kjenneteiknar robuste og motstandsdyktige tilsette, og korleis vi kan utvikla denne eigenskapen.
I frukostmøtet vil du også få høvet til å prøva testar og verktøy som gir innsikt i mental helse og arbeidsprestasjonar. For næringsrådets medlemmer er deltaking gratis, og som ekstra påskjønning vil du og bedrifta di også kunne nytta seg av Lifekeys verktøy kostnadsfritt ut 2023.
Kven og kva er Lifekeys?
Lifekeys er ei online psykologteneste som tilbyr video konsultasjonar og tema-baserte seminar med utvalde psykologar. Sidan oppstart i 2017, har bedrifta hatt høge standardar for innovative løysingar som gjer det enklare å komma i kontakt med ein psykolog når behovet er der – uavhengig av kven du er. Lifekeys har etablert seg som ekspertar innan online psykolog tenester, og tilbyr gode samarbeid med organisasjonar og selskap.
Sjekk óg ut podcasten Lifekeys Talks