Tirsdag 24. september – Industrivegen, Os
Merk: Dette temaet blir halde som møter både på Os og i Eikelandsosen (24. og 25. september). Meld deg på det som passar deg best. Det er avgrensa med plassar begge stader.
—
Psykologisk kapital (PsyCap) er eit nytt omgrep for mange, men som dei fleste vil kjenna seg att i. Den psykologiske kapitalen leggjer vekt på forvaltning og utvikling av heile mennesket og er ein forutsetning for å lukkast med positiv organisasjonsutvikling og vekst. Likevel viser studier at PsyCap er den som er minst utviklede mellom dei meir tradisjonelle kapitalene innan økonomi, kompetanse og nettverk. Dette er på tide vi gjer noko med! Og kanskje er det viktigare enn nokon gong med tanke på at endringstakten går raskare og raskare – no også med kunstig intelligens som kollega.
PsyCap vert ivareteke med effektiv leiing og brukarvenlege HR-prosessar som er med på å sikra meiningsfulle opplevingar og høgt presterande tilsette og team. For å få dette til må leiarar og tilsette vera samstemde i å laga gode tilsettereiser som tek vare på individuelle- og kollektive mål og behov.
Carina vil her gje ei innføring i fire kategoriar som sikrer høg grad av PsyCap: Meistringstru, håp, robustheit og optimisme. I tillegg gjev ho eksempel på konkrete tiltak som bidreg til organisasjonsutvikling på ein systematisk, berekraftig og lønsom måte. Det vil bli mogleg med refleksjonar og spørsmål fra salen.
- Stad: Industrivegen 43 (Alutec sine lokale)
- Tid: 8:30-10:00 – frukostservering & mingling frå kl 8:00
- Pris: gratis for medlemmer / 200 kr for ikkje-medlemmer
Foredragsholder:
Carina Takseth
Carina er Senior Manager i Azets Consulting og har utdanning innan leiarskap med spesialisering innan HRM, organisasjonpsykologi og samspel og prosjektleing.
Ho har eit brennande hjarte for utvikling av berekraftige arbeidsplassar med menneske som drivkraft for utvikling og suksess – i tett symbiose med teknologi og effektive prosessar.
Agenda for frukostmøtet:
- 8:00 – 8:30 Frukost & mingling
- 8.30 – 08:35: Alutec og Bjørnafjorden næringsråd ønskjer velkomen
- 08:35 – 10:00: Azets v/Carina Takseth «Arbeidsplassar i framtida har høg psykologisk kapital»
- 10.00 – Avslutning
I dette frukostmøtet vil du læra meir om:
- kapitalen der ein vektleggjer forvaltning og utvikling av heile mennesket
- effektiv leiing og brukarvenlege HR-prosessar
- fire kategoriar som sikrar høg grad av PsyCap:
- Meistringstru
- Håp
- Robustheit
- Optimisme
Meir om psykologisk kapital kan du lese her
Deltaking er gratis for næringsrådet sine medlemmar.
Kven og kva er Azets?
Azets er eit internasjonalt konsern som tilbyr rekneskap, løn, rådgjevning og forretningstenester.
Azets si avdeling på Os held til i flotte lokaler i Irisgården i sentrum. Kontoret har eit dedikert team på åtte personar som bistår næringslivet i Os og omegn. Du finner reknenskaptenester, lønstenester og bedriftsøkonomisk rådgjeving under same tak. Vi bistår kvarandre og er gode på kompetansedeling. Alle kundar får ein sakshandsamar, og nokre får ein fast rådgjevar i tillegg.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere