30.09.2024

Vi snakkar med ECIT Os

Vi snakkar med ECIT Os

– Eg stortrivst i jobben min. Trivelege kundar og kjekke kollegaer gjer kvar arbeidsdag til ein fest, seier dagleg leiar ved ECIT Os, Christine Frønsdal.

Tekst: Irene R. Mjelde

Christine Frønsdal har styrt skuta hos rekneskapsbyrået ECIT Os sidan 2021. Då kom ho heim igjen til Bjørnafjorden, med ein liten på armen, etter mange år i Danmark.

– Eg er veldig glad for at leiinga i firmaet våga å satse på meg, ei åleinemor med ein liten baby. Dottera mi er den viktigaste i livet mitt, men eg kan med handa på hjarta seie at den positive energien eg får ved å få utfolde meg i arbeidslivet, gjer meg i stand til å takle kvardagen på best mogleg måte, noko som òg gjer meg til ei betre mor.

– Men eit A4-menneske blir eg nok aldri, legg ho til.

Som sjef veit Frønsdal at fleksibilitet er essensielt om ein ønsker seg tilfredse arbeidstakarar med harmoniske kvardagar.

– Vi brukar ein stor del av tida vår på arbeidsplassen, og i dagens samfunn, med press, stress og hektiske kvardagar, er det viktig å legge til rette. Vi er alle forskjellige. Å møte forståing for ulike livssituasjonar skapar tillit og tryggleik. Eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for å kunne gjere ein god jobb.

Kundane deira har alltid førsteprioritet, men Frønsdal understrekar òg viktigheita av at hennar tilsette tar ein pust i bakken og oppsøker det som gir ekstra energi om livet buttar imot ein dag.

– Vi set høge krav til kvar enkelt, men det skal òg vere balanse i kvardagen. Om ein til dømes er av typen som på tunge dagar treng ein rask fjelltur, og får moglegheit til å ta han, har ein meir å gje i arbeidet etterpå. Trivsel skapar gode synergiar. Tilsette som har det godt yter meir, noko som kjem kundane til gode, og tilfredse kundar er det viktigaste for oss.

Dei tilsette ved ECIT Os finn på mykje kjekt ilag, og dei har fleire gongar fått høyre: «Eg hadde aldri tippa at de var rekneskapsførarar!»

– Men, ein treng jo ikkje vere tørr og kjedeleg sjølv om ein er rekneskapsførar, ler den daglege leiaren.

– Fortel litt om bedrifta dykkar!

– ECIT Os tilbyder tenester innan løn, rekneskap og annan økonomisk rådgjeving. Vi er eit sjølvstendig kontor, lokalisert på Osøyro, men er ein del av konsernet ECIT AS. Det gjev oss moglegheit til å trykke på knappen for eksterne ressursar om vi har behov for det, men det er sjeldan det trengst. Vi har høg kompetanse på huset og løyser det aller meste sjølve.

Mannskapet hos ECIT Os tel 13 personar inkludert vaskehjelpa. Dei bytta ut det tradisjonelle vaskebyrået, og opna for moglegheita for at ein ungdomskuleelev skulle få verdfull arbeidstrening.

– Det er både ho og vi glade for. Vi vågar å satse på dei unge, og har òg to flinke nyutdanna regnskapskonsulentar med på laget. Aldersfordeling i staben skapar god dynamikk. Dei eldre gjev lærdom til dei yngre, og titt og ofte kjem dei yngste med nyttige, friske innslag til oss eldre, rosar Frønsdal.

Leiinga ved ECIT Os ser verdien av eit inkluderande miljø, og dei inviterer gjerne familiane til arbeidstakarane med på sosiale aktivitetar. Sist påske fekk barna deira vere med på jobbdag, med påskeeggleiting, hotdog og film. Å vite kvar mor eller far oppheld seg i arbeidskvardagen skapar tryggleik.

– Viktigheita av å inkludere barna, og la dei kjenne seg velkommen på arbeidsplassen til foreldra, lærte eg mykje om gjennom arbeidsåra i Danmark, fortel Frønsdal.

– Selskapet eg arbeidde ved der hadde over 100 tilsette, og kvar haustferie, vinter-, eller sommarferie var der alltid mange barn som var med foreldra på kontoret. Leiinga sette høge krav til oss som arbeidde der, men vi fekk og mykje igjen.

– Kva konkurransefortrinn har de?

– ECIT Os er ein påliteleg aktør som set æra si i at rekneskapstenestene vi leverer er av høg og påliteleg kvalitet.

Hos dei er alle kundar like viktige.

– Vi forskjellsbehandlar aldri. Små aktørar er like viktige kundar for oss som dei store, og dei skal alle ha same oppfølging. Ingen bedrifter skal føle seg for lita til å få hjelp av oss, avgjer leiaren.

Kvar kunde av ECIT Os får sin rekneskapsførar å forhalde seg til, og det faste kontaktpunktet gjev kort responstid på førespurnader. Dei ønsker å vere ein lokal aktør som samarbeider tett opp mot kundane sine, for slik å gjere arbeidskvardagen enklare for firmaeigarar og gründerar.

– Det er ikkje uvanleg at vi oppsøker kundane på arbeidsstaden for å sette oss inn i drifta deira, og fleire av våre tilsette arbeider faste vekedagar på kontoret hos enkelte av sine kundar. Vi firer aldri på sørvisnivået. Om ein vil ha lojale kundar er supergod sørvis særs viktig.

Som kunde hos ECIT Os har ein automatisk eit visst tal med kundesamtalar utan kostnad.

– Samarbeidspartnarane våre skal kunne få svar på kjappe spørsmål, eller be om korte samtalar utan å vere redde for at vi overfakturerer dei for det. Å ha låg dørterskel fører til at vi kan luke vekk feil før dei utviklar seg. Det gjev oss òg større innblikk i kva arbeidskvardagen til kundane våre inneheld, noko som gjer jobben vår både enklare og kjekkare.

Frønsdal røper at ho eigentleg ikkje likar så godt ordet «kundar».

– «Samarbeidspartnarar» er betre, synst eg. Vi skal jo fungere som ein slags kollega for oppdragsgjevarane våre. Men, uansett kva vi kallar dei, strekk vi hos ECIT Os oss veldig langt for at bedriftseigarane vi gjer rekneskapsoppdrag for skal kunne gå til sengs om kvelden utan bekymringar for økonomien i firmaet sitt.

Helst ville ho ha kjent alle kundane til ECIT Os av utsjånad.

– Eg synst det er litt pinleg at eg kan passere kundar av bedrifta vår på gata og berre gå rett forbi. Om eg gjer det må eg berre beklage.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Vi er heldige, for marknaden er særs stabil her i Bjørnafjorden. Til stadigheit poppar det opp nye, spennande verksemder, seier Frønsdal.

Dei fleste av kundane deira er lokale bedrifter, men dei har og samarbeidspartnarar blant anna i Bergen, Tromsø og Spania.

– Fordelen med lokale kundar er at dei på enkelt vis kan komme innom kontoret når dei vil, men alle bedrifter, uansett tilhaldsstad, er velkomne. I den digitale verda er det uansett ikkje noko problem å følgje opp dei ulike kundane våre.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen? Er det noko du helst ville ha endra på?

– Nei! Vi blir pålagt ekstremt mange oppgåver og retningslinjer frå myndigheitene for korleis vi skal utføre oppgåvene våre, men det ser eg på som trygt for kundane våre og som ei sikkerheit for heile bransjen.

– Korleis støttar de opp om det lokale samfunnet i Bjørnafjorden?  

– Vi syns det er kjekt å gje noko tilbake til nærmiljøet for all støtta vi får, og vi bruker lokale bedrifter der vi kan. I tillegg er vi sponsorar for Nore Neset Idrettslag, Os Fotball og Øyafest.

ECIT Os er ein av hovudpartnarane til Bjørnafjorden næringsråd. I tillegg prøver dei å støtte opp om ulike lokale engasjement rundt om i området.

– Vi hadde til dømes verdas kulaste teambuildingdag hos Os Fotball for ikkje så lenge sidan. Då stilte vi opp heile gjengen på ein arbeidsdag for å måle klubbhuset deira.

– Kva planar har de for framtida?  

– Vi skal fortsette å vere ein god arbeidsplass for våre tilsette, og vi skal halde fram med å vere ein trygg, solid og kvalitetsbevisst løns- og rekneskapspartnar for lokale og nasjonale bedrifter. Det er ei ære å få samarbeide med så mange flotte kundar, og utruleg spennande å få følgje dei på reisa.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det er veldig kjekt å vere med på arrangementa til næringsrådet. Der treffest vi alle på ein annan måte enn i det daglege. Det er utruleg spennande å lære ulike selskap i kommunen å kjenne, anten dei er kundar av oss, eller ikkje.

ECIT Os prøver å bidra der der kan bidra.

– Vi vil gjerne vere med på å arrangere startup-dagar – uforpliktande, gratis rådgjevingsdagar for framtidige lokale gründerar og entreprenørar. Om ein bygger opp ein solid støttemur før ein går i gang kan ferske føretak vekse tryggare.

Fakta om ECIT Os :

  • Utfører løns-, konsulent- og rekneskapstenester for lokale og nasjonale bedrifter. Bedrifta har høg kompetanse innanfor fleire system, blant anna; Tripletex, PowerOfficeGO, UniMicro, Visma & PowerBI.
  • Adresse: Hamnevegen 53, 5200 OS.
  • Har 13 tilsette. Sju av desse er statsautoriserte rekneskapsførarar.
  • 70 prosent av bedrifta er eigd av konsernet ECIT AS. Resterande 30 prosent er eigd av seks lokale partnarar, som alle arbeider full stilling i ECIT Os.
  • Etablert under namnet Bookkeeper i 2013. Gjekk inn i konsernet ECIT AS i 2019, og tok då namnet ECIT Os AS.
  • Medlem av, og samarbeidspartnar med, Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: https://www.ecit.com/no/kontorer/ecit-os/