15.11.2024

Vi snakkar med stiftinga Ravneberghaugen

Ravneberghaugen er å rekne som ein bauta i næringslivet i Bjørnafjorden. I sommar feira rehabiliteringssenteret 125-årsjubileum.

Tekst: Irene R. Mjelde

– Dei gode tilbakemeldingane vi får gir energi. Vi opplever at det vi gjer har betydning for mange menneske, seier Ranveig Klingsheim.

Ho er dagleg leiar ved Ravneberghaugen, rehabiliteringssenteret som har vore i drift sidan år 1899.

– Det var Samlaget for brennevinshandel i Bergen som sørga for etableringa, og verksemda starta som eit tilbod for «trette og uslitte kvinder av den uformuede klasse».

Klingsheim er som eit leksikon når det gjeldt stiftinga si førhistorie.

– Dei 60 første åra, gjennom verdskrigar og spanskesjuke, var det myndige «bestyrerinder» av Røde kors som stod for drifta. Under den siste verdskrigen blei krigsfangar sett i arbeid på anlegget, dei hogde tre og bygde stiar.

– Fortel litt om den ideelle stiftinga dykkar!

– Stiftinga sitt verdigrunnlag frå 1899 er like levande i dag som det var då – «å se det hele mennesket, ikkje bare det syke organ». I behandlinga har vi høgt fokus på kosthald og ernæring, livsstilendring, sosialt fellesskap, og balanse mellom aktivitet og kvile. I tillegg kan vi nyte godt av framtidsretta forsking og opparbeidd kompetanse, fortel Klingsheim.

Ravneberghaugen er ei ærverdig verksemd som ikkje er prega av alderdomen.

– Vi har stadig nye satsingsområde, og det viktigaste for oss er sjølvsagt tilbodet vårt til pasientar og deltakarar. Vi tilbyr intensiv, spesialisert rehabilitering, og pasientane kan velje om dei ønsker å bu på senteret, eller føretrekker å ha dagplass og reise til og frå heimen sin.

Meistrings- og rehabiliteringssenteret har 31 døgnplassar og 14 dagplassar. Tverrfagleg og spesialisert rehabilitering blir sørga for av ulike faggrupper; sjukepleiarar, fysioterapeutar, klinisk ernæringsfysiologar, ergoterapeutar, miljøterapeutar, legespesialist, psykolog og jobbkonsulent.

– Vi er eit godt lag, understrekar den daglege leiaren.

– Etter eit rehabiliteringsopphald blir alle pasientar følgd opp av behandlaren sin, med digital kontakt i seks veker. Slik er vi med å heie kvar enkelt framover mot målet han eller ho sjølv har sett seg.

– Kva konkurransefortrinn har de?

– Ravneberghaugen ligg i eit eventyrleg flott område. Vi har nærleik til fjord, fjell og skog, og vi brukar naturen mykje i behandlingsopplegget vårt. Ro og frisk luft gjev mennesket sjølvheilande krefter, like mykje no som for 125 år sidan.

Klingsheim fortel at Ravneberghaugen sitt tilbod stadig har vore i utvikling ut frå samfunnets behov.

– Vi har eit godt rykte på oss. Som privat, ideell stifting må vi klare oss sjølv, men vi har dyktige, dedikerte medarbeidarar og høg trivselsfaktor i tilsettgruppa, og vi har gode samarbeidspartnarar.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Vi leverer tenester til det offentlege. Pasientane våre blir tilvist oss frå sjukehus og fastlegar. Ved avslag på søknadar kan vi likevel tilby privatopphald, noko enkelte pasientar nyttar seg av. Då betaler dei opphaldet sjølve. Andre igjen er så heldige at arbeidsplassen har forsikring som inkluderer rehabilitering for sine tilsette.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen? Er det noko du gjerne ville ha endra på?

– Den 1. april i år skreiv vi ny driftsavtale med Helse Vest for åtte år framover. Det kan vere risikofylt å berre ha ein oppdragsgjevar, men den vi har er særs stabil. Det er driftsavtalen med Helse Vest som legg det økonomiske grunnlaget vårt. Ein meir langsiktig avtale ville sjølvsagt vore tryggare, men samstundes heldt eit meir kortsiktig perspektiv oss i øyrene.

Klingsheim trur at det at verksemda er konkurranseutsett er med på å halde arbeidsgruppa skjerpa.

– Vi er nøydde til å oppretthalde det kvalitetssterke faglege innhaldet for å sikre vidare drift. Eg trur det er sunt. Men, når det er sagt: Eg skulle verkeleg ønske at spesialisert rehabilitering var eit satsingsområde frå regjeringa si side.

– Kva er den største utfordringa dykkar?

– Hmm! Eg synst vi løyser, fikser og ordnar etter kvart som utfordringar dukkar opp. Ved sjukdom og anna fråvær er vi avhengige av fleksible tilsette, men det har vi. Eg kjem ikkje på nokre store utfordringar, innrømmer Klingsheim.

– Kva planar har de for framtida?  

– For augeblikket er vi i avslutningsfasen av eit miljøprosjekt. Snart har vi på plass vassboren varme i alle dei 40 romma våre i Ravneberghaugen, svarar leiaren nøgd.

– Og i midten av november digitaliserer vi ytterlegare, og flyttar alt digitalt organisasjonsmateriell frå fysiske serverar til eit skybasert intranett.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Ravneberghaugen er ikkje ei typisk næringsverksemd, men lokal forankring har likevel stor betydning for oss. Det er positivt å vere medlem av ei stor lokal gruppe. Spalta deira Medlemspraten blir alltid lest, men elles har vi ikkje vore dei flinkaste til å stille opp på arrangementa til næringsrådet. Å bli betre til det står på ønskelista vår framover.

Fakta om Ravneberghaugen:

  • Senter for meistring og rehabilitering.
  • Adresse: Nordstølen 55, 5217 Hagavik.
  • Omsetnad: 55 millionar.
  • Har 55 tilsette, samt vikarar.
  • Frittståande ideell stifting, med stiftelsestyre som øvste organ.
  • Etablert 15. juni 1899.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: https://www.ravneberghaugen.no