15.12.2024

Vi snakkar med Nærbutikken Sævareid

I snart 120 år har familien Haugen sørva sævareidfjordingar med det daglege brød og meir til.

Tekst: Irene R. Mjelde

Trygve Haugen er tredjegenerasjons kjøpmann for Nærbutikken Sævareid.

– Det var bestefaren min Paul som starta nærbutikken her i Sævareid. Det opphavelege namnet er P. H. Haugen Landhandel, fortel Haugen.

Far hans døydde tidleg, og etter over femti år i bransjen har han sjølv for lengst passert pensjonisttid. Men syttiseksåringen har foreløpig ingen planar om å legge inn årene.

– Dette er meir ein livsstil enn ein jobb, fastslår han.

– Eg vil arbeide for at det framleis skal kunne vere ein nærbutikk i bygda vår.

– Fortel litt om Nærbutikken Sævareid!

– Nærbutikken Sævareid/ P. H. Haugen Landhandel vart opna i år 1905. Besten min dreiv fram til 1933, då far min tok over, og i 1973 vart det min tur.

Over nyttår kan altså Nærbutikken Sævareid feire 120-årsjubileum, i det same lokalet der han har halde hus sidan starten.

– Butikken har ope frå klokka 9 til klokka 17 alle vekedagar bortsett frå fredag. Den dagen heldt me ope ein time ekstra. Laurdag stenger me klokka 15. Men eigentleg er butikken døgnopen, for eg bur i etasjen over, ler den omgjengelege nærkjøpmannen.

Tidlegare kunne ein finne både jernvarer, maling, klede og fiskeutstyr i varesortimentet. No er det stort sett ordinære daglegvarer som fyller hyllene, men ein kan òg få kjøpt varer frå lokale leverandørar og produsentar. Med berre to om arbeidet blir oppgåvene mange og varierte, både for Haugen og «butikkdamo mi», som han kallar sin einaste tilsette, Bergfrid Norheim. Varer skal bestillast og tas imot, hyller skal fyllast og når kundane kjem innom skal kassen betenast.

– Om nokon treng det kan dei bestille varer og så køyrer eg dei heim til dei. Service skal det vere, konstaterer Haugen.

– Å vere nærkjøpmann er sosialt og kjekt. Eg styrer det meste sjølv, og at det er gjevande arbeid er ganske så vesentleg. Eg hadde jo ikkje drive så lenge om eg ikkje treivst med arbeidet. Å vere nærkjøpmann er på mange måtar like mykje noko ein lever for, som av.

 

– Korleis er butikken din viktig for bygda?   

– Utan nærbutikken måtte innbyggarane ha køyrt andre stader for å handle daglegvarer. Eg vil seie at nærbutikken er bindeleddet for innbyggarane i Sævareid, og svært positiv for nærmiljøet. I det augeblikket butikken ikkje finst lenger vil bygda vår endra karakter.

– Er Nærbutikken Sævareid avhengig av næringslivet i området?                                                              

– Sjølvsagt! Det er avgjerande for nærbutikken at me har Sævareid Fiskeanlegg AS i bygda. Bedrifta skapar arbeidsplassar og aktivitet for dei som bur her, og er ein god kunde for butikken. Ved å proviantere i nærbutikken og bestille ferdige måltid hos Engevik Gaard, støttar Sævareid Fiskeanlegg lokalsamfunnet. Det er viktig at lokale bedrifter tar vare på kvarandre og samarbeider.

Mellom 1868 og 1978 var det treforedlingsbedrifta Sævareid Kartong og Papirfabrikk som var Fusa sin store arbeidsplass.

– I etterkrigstida hadde Sævareid mellom 600 og 800 innbyggarar. På det meste var her heile fire daglegvarebutikkar, samt bakeri, og foreldra mine dreiv både butikk og pensjonat. Då fabrikken blei nedlagt blei befolkningsgrunnlaget sterkt svekka. No er det berre rundt 100 personar som bur i Sævareid, fortel Haugen.

– Kva er den største utfordringa til Nærbutikken Sævareid?

– Det er den same som for alle andre små nærbutikkar. Me har alle ein hard konkurranse for å kunne halde fram med drifta. Det er nærast umogleg å konkurrere mot store daglegvarekjeder når det gjeld vareutval, generelle tilbod og pris. Det er store daglegvarekjeder som Kiwi, Spar, Rema, Meny og Coop Extra som definerer daglegvarehandelen i dagens samfunn, resonnerer Haugen.

– Når eg hentar Os og Fusaposten i postkassa, er tilbodsavisa som ligg inni like tjukk som sjølve avisa, humrar han.

– Korleis er framtidsutsiktene for nærbutikken din?

– Eg har ingen born som kan ta over, slik far min og far hans igjen hadde. Det vil bli fælt om eg ein gong må stenge butikken for godt.

Ikkje sjeldan får Haugen spørsmål om når han har tenkt å gje seg.

– For min eigen del er det kjekt å ha noko nyttig å sysselsette seg med, og eg kan jo ikkje berre lukke dørene. Det ville ha vore for gale om me ikkje skulle ha butikk i bygda. Me får sjå etter kvart. Eg håpar på at det skal dukke opp ei løysing.

– Kva verdi ser du i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Bjørnafjorden er ein relativt ny kommune, med Os som det naturlege nye sentrumet. Eg melde meg inn i næringsrådet i haust og ser fram til å lettare kunne sette meg inn i kva som går føre seg i kommunen sitt næringsliv.

Fakta om Nærbutikken Sævareid:

  • I lag med Joker- og Spar-butikkar er Nærbutikken ein del av kjeda Kjøpmannshuset Norge AS, som igjen inngår i NorgesGruppen ASA.
  • Etablert i 1905.
  • Adresse: Sævareidvegen 673, 5645 Sævareid.
  • Netto omsetnad er 3 millionar.
  • Har 2 tilsette.
  • Eigd av Trygve Haugen.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: https://narbutikken.no/Finn-butikk/Narbutikken-Savareid/