Tirsdag 22. september – kl 08:30
Stad: Bjørnafjorden gründerpark, Torggata 14 Osøyro
Forsvarssektoren står framfor store investeringar i åra som kjem. Fram mot 2040 skal det brukast 1700 milliardar kroner på å styrke forsvarseevna i Norge. Det skaper nye moglegheiter – også for bedrifter som i dag ikkje ser på seg sjølve som ein del av forsvarsindustrien.
For leveransane handlar langt frå berre om våpen og forsvarsmateriell. Behovet spenner over ei rekkje næringar og fagområde – frå bygg og anlegg, teknologi, IT og cybersikkerheit til transport og logistikk, maritime tenester, energi, produksjon, rådgjeving, vedlikehald og andre tenester.
For lokale bedrifter kan dette opne døra til ein stor og langsiktig marknad – både som direkte leverandør til Forsvaret, som underleverandør til større norske og internasjonale aktørar, eller gjennom samarbeid og industriavtalar knytte til store forsvarsanskaffingar.
Satsinga gir òg rom for innovasjon, produktutvikling og nye samarbeid. Løysingar utvikla for forsvars- og beredskapssektoren kan gi ny kompetanse, tilgang til internasjonale verdikjeder og i neste omgang nye marknader også utanfor forsvarssektoren.
Men korleis kjem ein faktisk inn i denne marknaden?
Advokat Thomas Lynum frå Stiegler Advokatfirma gir ei praktisk innføring i moglegheitene for små og mellomstore bedrifter, og kva verksemda bør vere merksam på når ho ønskjer å posisjonere seg som leverandør.
Du får mellom anna høyre om:
- kva typar bedrifter og leveransar forsvarsmarknaden kan vere aktuell for
- ulike vegar inn som leverandør eller underleverandør
- offentlege anskaffingar og konkurransar
- industriavtalar og «gjenkjøp» frå utanlandske leverandørar
- krav til sikkerheit, kontraktar og compliance
- korleis samarbeid, teknologi og innovasjon kan skape nye forretningsmoglegheiter
Kanskje er di bedrift meir aktuell for forsvarsmarknaden enn du trur?

Bjørnafjorden næringsråd er medlem av Næringsalliansen Vestland, og saman representerer me meir enn 3000 bedrifter. Næringsalliansen Vestland er blant dei som står bak næringslivsmagasinet Front som set fokus på ei veksande forsvarsnæring i vest. Her kan du lese utgåva (nett og PDF): https://front-vestland.no/
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








