Tirsdag 9. september – kl 08:30
Korleis kan berekraft bli ein motor for vekst – ikkje berre eit krav frå myndigheiter og kundar? I dette foredraget frå vår samarbeidspartnar Deloitte får du innsikt i berekraftig forretningsdrift, og kvifor det er avgjerande for verksemder som vil vere konkurransedyktige i åra som kjem. Vi tek utgangspunkt i erfaringar frå næringslivet og viser korleis økonomiske mål og berekraftsmål kan spelast saman slik at verksemda både gjer det rette – og gjer det lønsamt.
Du får eit tydeleg bilde av risikoar og moglegheiter som formar framtida for næringslivet. Frå skjerpa regelverk og strengare krav til rapportering, til endra kundepreferansar og auka merksemd rundt klima- og naturrisiko. Vi ser på kva som driv utviklinga, og korleis du kan møte desse endringane på ein måte som gir verksemda eit konkurransefortrinn – i staden for å bli ståande på sidelinja.
Det vert difor fokus på:
- Risikoforståing
- Kundeadferd
- Regelverk
Foredraget er praktisk retta og gjev deg verktøya til å gå frå ord til handling. Som å samle data, jobbe strukturert og etablere gode rutinar for måling og rapportering.
Målet er at du går herfrå med ny forståing, konkrete metodar og inspirasjon til å byggje brua mellom berekraft og business. Slik kan du sikre lønsam drift, styrkje omdømmet og bidra til ei meir berekraftig framtid – der både verksemda, samfunnet og miljøet vinn.
Praktisk info:
Påmelding i skjema. Gratis for medlemmer av Bjørnafjorden næringsråd, 300 kr for øvrige.
Stad: Bjørnafjorden Gründerpark, Torggata 14, Osøyro
Program:
08:00 – Dørene opnar. Servering av frukost.
08:30 – Programmet startar – med:
- Silje Fossdal
- Linn Beathe Hæreid
- Dag Ivar Årdalsbakke Breivik
10:00 – Avslutning
Frukostmøtet vert arrangert saman med:
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere