Torsdag 24. april – kl 09:00 – 13:00
Går du med tankar om å starte eiga bedrift? Eller er du allereie i gong med draumen?
I samarbeid med Sparebanken Vest, Advokatfirmaet Kyrre og Etablerarsenteret arrangerer Bjørnafjorden næringsråd eit seminar for deg som ser etter hjelp, finansiering, hjelp eller ein stad for å møte andre etablerarar.
- ARRANGEMENTET ER GRATIS Å DELTA PÅ
- LUNCH OG SERVERING INKLUDERT
Det å starte opp for seg sjølv, å verte gründer, er ein draum for mange. For andre blir det gjerne med tanken, sjølv om ideen er god eller ein sikker på at marknaden er der. Bli med på ei halvdagssamling med informerande foredrag og engasjerande oppgåver.
Dato: 24. april
Tid: 09:00 – 13:00 – med mingling og lett servering frå 08:30
Adresse: Fabrikken, Os næringspark, Holtbrekka 7, 5200 Os
PROGRAM

Paal Friele Grung
(pausar undervegs)
08:30 – 09:00 Registrering, mingling og lett servering
09:00 – VELKOMMEN
09:05 – DEI GODE HJELPARANE
Vi blir betre kjend med ulike aktørar frå virkemiddelapparatet. Innovasjon Norge, VIS, Tidligfasefond Vestland, Etablerarsenteret, Sparebanken Vest, Bjørnafjorden Gründerpark
10:05 – GRÜNDERHISTORIER
Paal Friele Grung – klokkegründer, podcasthost og mat-influensar
Roger Edvardsen, Estate Management i samtale med Jakob Chr. Christensen frå Advokatfirmaet Kyrre
Christian Evje Olsen, Bjørnafjorden Opplevelser

Roger Edvardsen
11:40 – GRÜNDERENS DILEMMA
Ein interaktiv sesjon der forsamlinga blir med og tar vala i ei tenkt gründerreise.
12:30 – LUNCH
(Programmet er ikkje endeleg)
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere