Alf Sognefest i Bjørnafjorden Utviklingsselskap kom med ei klar oppmoding til dei nesten 50 frammøtte. Det er ein vinn-vinn-situasjon å få fram det næringslivet har å tilby til dei som skal byggje i Lyseparken, meiner han. «Bjørnafjordpakken» kan bli løysinga.
Bjørnafjorden næringsråd hadde onsdag invitert medlemmer saman med Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS) til eit dialogmøte og idedugnad. Temaet var korleis ein kan posisjonera lokalt næringsliv opp mot utbygginga som skal ta til i Lyseparken. I løpet av dei komande åra vil det bli ei storstilt utbygging. Fem ubyggjarar er allereie er på plass, blant dei Svalinn Property AS, som innleia møtet med ein presentasjon av Vestland Matpark.
Les meir om dette prosjektet: https://www.svalinn.no/aktuelt/fremtidens-moteplass-for-matindustrien
Kim Andre Eltvik Krossøy forklarte nærare om korleis matparken skal samle utvalgte mataktørar, og at den omlag 30 mål store tomta skal huse produksjons- og diverse lagerbygningar. Grossist innen storhusholdning, fiskeforedling og kjøttforedling er blant aktørar som kjem inn som leigetakarar hos Svalinn.
Frysehotell og temperaturregulert logistikk blir viktige tilbod i matparken, og Krossøy forklarte korleis desse anlegga passar inn når det kjem til bruk av og lagring av energi. Matparken skal dessutan utstyrast med solceller for eigen produksjon av energi.
Krossøy snakka om snarleg oppstart, og om korleis dei planlegger framdrifta. Skjæring av tømmer er alt igang. Oppstarten på byggearbeidet anslo han til å starte i andre kvartal neste år.
På spørsmål omkring bruken av lokale leverandørar i prosjekta, var han open for å finne samarbeid. Medan pris er svært avgjerande i sjølve byggjefasen, er gjerne lokalkunnskap og kort responstid meir avgjerande i etterkvart som ein trer inn i driftsfasen.
Alf Sognefest og Dag Jarle Aksnes frå BUS gjekk nærare inn på prosessen fram mot sal av dei første eigedommane, og litt om framtidsutsiktene. Vidare redegjorde dei om øvrige prosjekt som BUS har teikna avtaler med: Posten, Bakehuset (Martens), Zurhaar-konsernet og Lyseparken Næringseiendom AS.
Næringsrådet hadde utfordra BUS på korleis dei kan få presentert det lokale næringslivet best mogleg. Alf Sognefest parerte med at dei gjerne kunne tenke seg «Bjørnafjordpakken», ei oversikt som dei kan ta med seg inn i samtalene med aktørar dei har landa avtaler med og potensielle nye.
Møtet snevra ned «Bjørnafjordpakken» til å bli ei oversiktleg netteneste i første omgang, der vi kan presentere eit samla bransjerelatert tilbod frå våre medlemmer. Dagleg leiar i næringsrådet, Kristian Bruarøy, skal arbeide med å lage eit utkast slik at ein kjapt kan kome på banen overfor utbyggjarane. Bruarøy viste til at medlemsregisteret er eit godt utgangspunkt, og at dette registeret no skal gjennomgåast. Han oppmoda alle å kikke på sin profil og sende inn eventuelle korrigeringar.
Medlemslista: https://medlemsliste.bfnr.no/medlem
I tillegg til typiske tenester innan, bygg, anlegg, elektro, automasjon og relatert service, meinte Sognefest at det å få informasjon om bustadprosjekt er høgst relevant. Dei tilsette i verksemdene som eventuelt skal flytte til Bjørnafjorden, dei bryr utbyggjarane seg om. Sognefest eksemplifiserte med at Bono Bolig allereie hadde delt informasjon, noko mellom anna Posten Bring hadde satt pris på.
Til informasjon i retur, var det ønskjeleg om BUS gjennom næringsrådet kunne dele informasjon meir fortløpande, herunder kontaktinformasjon til utbyggjarar.