Fjordfondet skal stimulere til nyskaping, berekraft og framtidsretta næringsutvikling i Bjørnafjorden kommune. Fondet skal støtte unge verksemder i ein tidleg fase av utviklinga, og skal vere forankra i samfunnsansvar og allmennyttige verdiar.
Fjordfondet for 2025 er på heile 800 000 kroner, kva ei bedrift eller prosjekt kan motta inntil 200 000 kroner.
Kven kan søka?
- Søkjar må vere i oppstartsfasen, og ikkje vera eldre enn fem år ved søknadstidspunktet. Etablerte bedrifter, som alt har veletablerte løysingar eller produkt i marknaden, kan ikkje motta støtte, sjølv om dei kjem med nyskapande prosjekt.
- Søkjarar som utviklar nyskapande produkt, tenester, produksjonsmetodar, forretningsmodellar eller liknande vert prioriterte.
- Søknader som synleggjer at dei byggjer opp under FN sine berekraftsmål vert prioriterte. Dette omfattar både grøn omstilling og andre mål som byggjer opp under dette, som t.d. livet i havet, god helse, ansvarleg forbruk og produksjon, utdanning, likestilling eller berekraftige lokalsamfunn.
- Søkjar må halde til i Bjørnafjorden kommune, eller vere del av eit prosjekt med sterk tilknytning til kommunen.
- Mottakar skal vera organisert (Aksjeselskap, Enkeltpersonforetak eller anna organisasjonsform). Det er mogleg å søkje om ein er under etablering eller planlegger etablering, men må ein opplyse om det i søknadsskjema.
Søknadsfrist søndag 21.09.2025 – kl 23:59.
Søknadsskjema på denne sida skal nyttast. Onsdag 10. september vil det være søknadsskrivekurs og open dag i Bjørnafjorden gründerpark der ein kan få hjelp til søknad.
Bjørnafjorden næringsråd og Sparebanken Norge utnemner ein jury for å vurdera bedriftene og prosjekta.
Tildelinga skjer på Bjørnafjordkonferansen fredag 17. oktober. Dei som vert tildelt gåvemidlar frå fondet må være tilgjengeleg til eit videointervju gjort 7-14 dagar før sjølve utdelinga. Med tildelinga følgjer billett til Bjørnafjordkonferansen og Bjørnafjordfesten.