Onsdag 20. november kl 08:00 – 10:00
NB! Legg merke til ny stad for møte. Vognhallen på Osøyro.
I samarbeid med Bjørnafjorden Utviklingsselskap BUS inviterer våre medlemmer til eit dialogmøte om Lyseparken. Det ligg føre ei storstilt utbygging i Lyseparken. Me ønskjer å bidra til at lokalt næringsliv, og særleg våre medlemmer innan bygg & anlegg, skal være synlege i så måte.
Svalinn, Posten Bring, Bakehuset (Martens), Zurhaar-konsernet og no sist, Lyseparken Næringseiendom AS, har sikra seg dei første tomtane i Lyseparken. BUS har dessutan ute eit anbod om totalentreprise på grunnarbeider i Lyseparken, med ein estimert verdi på over 90 millionar kroner. NB: Tilbodsfrist for utlysinga er 18.11.2024 kl 12:00
Les meir: https://www.doffin.no/notices/2024-114865
Mål for møtet
Mykje no skal byggjast og seinare inn i drift. Kva er ståa i dei ulike prosjekta? Korleis kan våre medlemmer best posisjonerea seg for å kunne ta del i utbygginga? Er lokalt næringsliv godt nok profilert opp mot utbyggjarar?
Korleis best velje kortreist, spør me i næringsrådet. Er det tiltak som kan gjerast? Me utfordrar våre medlemmer til å kome med idear og spørsmål.
- Stad: Vognhallen, Mobergsbakken 9, Osøyro
- Pris: gratis for medlemmer / 200 kr for ikkje-medlemmer
På grunn av begrensa plass ønskjer me at du melder deg på. (Skjema under).
Det blir servering av frukost.
Med atterhald om endringar.
Kart:
Påmelding 20. november
Agenda for frukostmøtet:
08:00-08:30 Frukost og mingling
08:30-08:35 Innleiing frå Bjørnafjorden Næringsråd
08:35-08:50 Presentasjon frå Svalinn
09:00-09:15 Presentasjon over prosjekta ved BUS
09:15 – 10:00 Spørsmål og idemyldring
10:00 Avlutning
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere