Tirsdag 13. juni
Offentleg sektor kjøper inn varer, tenester og byggje- og anleggsarbeid for om lag 600 milliardar kroner årleg. Regelverket skal sikra at pengane blir utnytta best mogleg, og at innkjøpa bidreg til eit konkurransedyktig næringsliv. Samfunnet forventar at ressursane blir forvalta på best mogleg måte og at konkurranse om oppdraga er ryddig. Det gode innkjøpet blir skapt gjennom eit samarbeid med brukarane, det offentlege og næringslivet.
Ein snakkar om miljøkrav, handheving, tilsyn og erstatningsrett, kontraktsoppfølging, immaterialrettens rolle i innovasjonsprosjekt, anbodskriminalitet, handlingsrommet, innkjøp som eksportverkemiddel og korleis sikre det gode samarbeidet mellom det offentlege og private – her gjeld det å halde tunga beint i munnen.
Saman med Sands Advokatfirma, vil vi få betre innsikt i innkjøpsregelverket og kvifor dette er viktig for å stå sterkt i konkurransen om offentlege oppdrag.
Ei rekkje rettslege reguleringar med betydning for offentleg innkjøp er på veg, og vil vera nødvendig for leverandørane å setja seg inn i for å auka vinnarsjansane sine.
- Stad: Innolaben, Bjørnafjorden Gründerpark, Osøyro
- Tid: 8.30-10.00 (frukost & mingling frå kl 8.00)
- Pris: gratis for medlemmer / 200kr for ikkje-medlem
I dette frukostseminaret vil vi blant anna sjå nærare på:
• Noregsmodellen med nasjonale seriøsitetskrav til leverandørar
• Regjeringas forslag om strengare miljøkrav
• Døme på miljøkrav og kriterium brukt i offentlege konkurransar
• Praktiske tips til tilbodsprosessen
Foredragshaldere:
Mari Moe Haahjem
Mari Moe Haahjem er senioradvokat ved SANDS kontor i Bergen. Ho jobbar primært med rådgiving og tvisteløysing innanfor regelverket om offentlege innkjøp. Haahjem hjelper både leverandørmarknaden og offentlege oppdragsgivarar i alle delar av innkjøpsprosessane. Ho prosederer også saker for KOFA og domstolane. Haahjem har også brei erfaring med rådgiving om kontraktsrettslege problemstillingar, særleg innanfor bygg- og anleggsbransjen
Eirik V. Rise
Eirik V. Rise er senioradvokat i SANDS. Han jobbar hovudsakleg med offentlege innkjøp, kontraktsrett, tvisteløysing og prosedyre, med særleg vekt på offentlege innkjøp.Rise har stor erfaring med å hjelpa leverandørar og oppdragsgivarar i innkjøpsprosessar, og har særleg kompetanse på innkjøpsrettsleg tvisteløysing og strategisk rådgiving.