Stiegler Advokatfirma AS vart stifta i 1889 og er eit av dei eldste advokatfirmaene i landet.
Vi har solid fotfeste på Vestlandet, med hovedkontor i Bergen sentrum og lokalkontor i Øygarden (Sartor senter) og på Askøy (Storebotn næringspark).
Sjølv om Vestlandet er vår hovudmarknad, har vi klientar frå heile Noreg og utanfor landet.
Vi hjelper både kundar i næringslivet, offentleg sektor og privatpersonar.
Vår ambisjon er å vere eit fortent juridisk fyrsteval. Det vil seia at vi heile tida har fokus på å halde eit høgt kunnskapsnivå og alltid levere med god kvalitet. Samstundes skal vi oppretthalda god trivsel blant våre medarbeidarar.
Vi er tilnærma fullfagleg, og skal vekse på dei fleste av våre fagområder.