Fredag 12. september – kl 13:00
12. september inviterer Bjørnafjorden Næringsråd, i samarbeid med Bjørnefjorden Golfklubb, til ei mykje etterspurd medlemsturnering i golf.
Turneringsformat: 9 hull scramble.
Antall: Me har eit ønskje om minst 20 deltakarar for gjennomføring, og ber difor om rask påmelding innan 29. august – for å få ein peikepinn på om me har nok interesse til å få gjennomført turneringa. Det er sjølvsagt mogleg å melde på fleire deltakarar frå di bedrift.
Avgift: Deltaking er kr 300 pr deltakar, som inkluderer premiebord.
Afterwork? Me ønskjer også å lufte stemninga om sosialt samvære etter turneringa. Då med moglegheiter for grilling eller anna servering. Sett gjerne av i skjema om det er interesse frå di side, så kjem me tilbake med ønska form.
Meir informasjon vert gjeve etterkvart som me får oversikt over interesse og tal på pålmeldte. Bli med å spre ordet!
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere