Fredag 13. juni – kl 15:30 – 19:00
Sjømatprodusentar og havbruksnæringa er inne i ei interessant tid. Havbruksmeldinga er oppe til handsaming i Stortinget og kommunen er i gong med nytt planprogram for areal. Næringsrådet ønskjer difor å samle medlemmer i desse næringane for eit ettermiddagsseminar og afterwork i Samba Marin sine nye lokaler.
Adresse: Røtingavegen 4, 5216 Lepsøy.
Ettermiddagseminaret har innlegg frå:
-
Terje Søviknes
Ordførar Terje Søviknes frå Bjørnafjorden kommune vil gje ei innføring i prosessane for kommunen sitt komande arbeid med ny arealplan og korleis næringsaktørar kan kome med innspel. Temaet vil verta spissa mot areal til havbruk og næringar knytt til sjø.
- Analysesjef Petter Slyngstadli frå Norne Securities kjem og fortel korleis investeringsmarknaden ser på havbruksnæringa no og ved eventuelle endringar.
- Advokatfirmaet SANDS vil ved si havbruksavdeling gje ei fersk oppdatering knytt til avgjerd rundt
Petter Slyngstadli
havbruksmeldinga som er venta å bli handsama i Stortinget 12. juni.
Samba Marin er, saman med Fana Sparebank, vertskap for samlinga. Dette blir eit fint høve til å få ein kikk i Samba Marin sine heilt nye lokaler på Sundøy,
og bli betre kjend med øvrige verksemder som er i same bygg. Etter programmet blir det afterwork med servering av tapas og drikke (med og utan alkohol).
Påmelding i skjema på denne sida (begrensa med plassar).
Program
15:30 Velkomst, arrangementet startar (mingling frå kl 15)
15:35 Innlegg frå føredragshaldarar
17:00 Afterwork
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere