31.05.2024

Vi snakkar med Hugskot AS!

I Norheimsund sit det ein sunnmøring og kreerer alt av ønskeleg promoteringsmateriale, for bedrifter frå både fjernt og nært.

Tekst: Irene R. Mjelde

Hugskot tyder ifølge ordboka; ide, brå tanke, innfall – gjerne nytta i kreativ samanheng.

– Eit hugskot er starten på dei aller fleste kreative idear og oppgåver i kvardagen, seier Inger Liv Langstøyl, innehavar av Hugskot.

Etter mange år i arbeidslivet innan grafisk bransje, starta ho i 2019 sitt eige AS, for å sjølv kunne velje identitet og retning.

– Eg har eit medfødd engasjement for språk, og er oppteken av kvalitet og service. Eg strekker meg langt for gode løysingar på produkt og levering. Det gjev meg ein «boost» å kunne hjelpe der andre har gitt opp. Ein nøgd kunde gjer dagen min god, avgjer ho.

– Fortel litt om Hugskot!

– Hugskot tilbyr byråtenester innan idéutvikling, grafisk design, marknadskommunikasjon, synleggjering og merkevarebygging. Kjerneaktiviteten er grafisk design, men då som verktøy for å utvikle identitet og uttrykk for kundane, seier Langstøyl.

Produkta hennar strekker seg frå logo og firmaprofilar, med alt som høyrer til for merking og synleggjering, til brosjyrar og tradisjonelle trykksaker – alt parallelt med digital marknadsføring til sosiale medium. Profilhandbøker, eller rapportar som krev litt tankearbeid, språkvask eller auge for detaljar, er òg ein av hennar spesialitetar.

I dag har ho kundar innan mest alle målgruppene ho sette på lista si då ho starta bedrifta – både nystarta og etablerte, frå privat og offentleg sektor.

– Hugskot produserer materiell for alt frå kultur, festivalar, lag og organisasjonar, til butikkar, produksjonsbedrifter og større aktørar. Som ei Hardanger-bedrift er det naturleg at kundane mine òg femner om småskala- og lokalmatprodusentar, og reiseliv/turisme.

Innimellom melder det seg òg ein del større prosjekt, som utviklar og engasjerer heile Hugskot sitt spekter.

– Eg set stor pris på arbeidsvariasjon. Frå ide og utforming til produksjon og montasje. Det å sjå meg montere dekor på dører eller vindauge er heller ikkje eit framandt syn. Eg likar å vere der det skjer, seier ho.

– Kva er Hugskot sine styrkar? 

– Yrkeserfaring innan same bransje over mange år, er sjølve utgangspunktet for Hugskot. Mi tidlegare arbeidserfaring kjem frå byrå, trykkeri og produksjonsbedrifter for skilt, dekor og messer. I tillegg arbeidde eg ei tid med informasjon hos fylkeskommunen. Samla har det gjeve ei solid plattform for mitt eige firma. Eg har «øvd» i mange år, prøvd og feila, og prøvd igjen. Eg veit at grunnarbeidet må vere godt, for å oppnå best mogleg resultat.

Det at ho driv Hugskot sjølv, med eineansvar for arbeidet, gjer at kundane får forhalda seg til ein og same person gjennom heile prosessen.

– Eg utfører oppdrag tett på kunden, og er fleksibel og tilgjengeleg. Det gjev kort veg frå planlegging til utforming og produksjon, samt til oppfølging i etterkant. Eg ser på orden og ryddigheit som ein del av respekten for kunden, understrekar firmaeigaren.

Engasjement for språket, og Hugskot si styrke innan nynorsk, har vore med heilt frå starten.

– Å skrive feilfritt nynorsk kan vere vanskeleg for mange. Når kundar vel å bruke Hugskot kan dei velje målføre etter ønske. Dei kjem til meg med sine styrkar og sine behov, og saman får vi det til.

– Korleis er marknaden innan feltet dykkar? 

– Eg opplever at distrikta og bygda gir rom og tilpassa marknad for mange mindre bedrifter. Sjølv om ein kan arbeide digitalt frå kvar som helst, er det for kunden, og min eigen del, viktig å ha produksjonen og leverandørane geografisk nært, når det er mogleg.

I byområda har ho, gjennom sine 25 år i arbeidslivet, sett at utviklinga går mot stadig større einingar for grafisk utforming og produksjon.

– Konkurransen er alltid til stades. Store, spesialiserte bedrifter er ofte føretrekte for kundar som skal gjennomføre større prosjekt, men desse bedriftene er òg ei kjelde til kunnskap for alle oss som jobbar i faget. Gjennom kurs og foredrag får òg driftarar av småbedrifter tilgang til utvikling og nye retningar.

Langstøyl har jamleg kontakt med dei faste kundane sine, og etter fem år med Hugskot, dukkar det stadig opp nye kontaktar.

– For kvart år bedrifta har eksistert har det auka på med oppdrag som kjem ut frå anbefalingar. Det gjer promoteringsjobben min stadig lettare, smiler Langstøyl.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Å vere éin person på dei fleste oppgåver i bedrifta, er sjølvsagt eit puslespel. Men det er òg særs lærerikt. Eg likar variasjonen, og det å få bruke alle evner. Eg kallar meg positivt nysgjerrig, ein eigenskap som gjer det til ein stor fordel å få vere med gjennom heile oppdragsprosessen.

For Hugskot, som hos dei fleste andre bedrifter, går etterspørselen i bølgjer.

– Prioriteringa hos kundebedriftene blir regulert ut frå kva som går føre seg i samfunnet, anten det er pandemi, krig eller utgiftsbaserte vanskar. Det hender eg høyrer «Eg kjem til deg. Eg må berre vente litt». Samtidig kan ein ikkje la stoda i verda bli ei sovepute. Endringar i marknaden kan bli eit puff til å setje fleire idear ut i livet.

– Kva planar har de for framtida?  

– Ein kan alltid bli betre i det ein allereie kan, og vere klar for å ta fatt på det som er nytt. Eg er open for å utvikle firmaet litt etter litt, med nye arbeidsmetodar, produkt og samarbeidsformer.

AI-teknologi vil ho gjerne lære meir om.

– Eg har ikkje tatt han i bruk for fullt enda, men er definitivt i målgruppa og har planar om å integrere dette i arbeidet mitt etter kvart.

Langstøyl har òg tankar om at Hugskot kan nyttast som ein del av marknadsavdelinga i ei bedrift.

– Eg drøymer òg om å vere pådrivar for kreativitet i samarbeid med fleire gode hovud og hender – kall det eit draumelag, om du vil. Og så er eg jo sosial! Om eg møter dei rette folka, kan alt skje.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Eg er medlem av Bjørnafjorden næringsråd via Samnanger næringsforum. Medlemsskapet gjev moglegheiter for nyttige kurs, seminar og anna fagleg påfyll. Eg har fleire gonger deltatt på Bjørnafjordkonferansen, og har der fått med meg inspirerande samtalar og foredrag.

Gründerparken med sitt tverrfaglege arbeidsmiljø har Langstøyl òg stor sans for.

– Eg har sett veldig mykje positivt ved det å vere medlem av Bjørnefjorden næringsråd. Det opnar opp for nye tankar og innspel i travle arbeidskvardagar.

Fakta om Hugskot :

  • Tilbyr byråtenester innan marknadsføring og synleggjering av bedrifter.
  • Adresse: Grovabrotet 8, 5600 Nordheimsund.
  • Har 1 tilsett.
  • Eigd av Inger Liv Langstøyl.
  • Etablert i 2019.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.