23.02.2023

Vi snakkar med Postracer Production

– Det kjekkaste ein kan gjere er det neste, ytrar filmgründer Ole Henning Bøe.

Tekst: Irene R. Mjelde

– Film og pyro i skjønn foreining, det er Postracer Productions, fastslår Ole Henning Bøe.

Firmaeigaren er særs fornøgd med sitt andre karriereval. 17 år som postbod, i ein  arbeidssituasjon med stadig meir rutinepreg, nedskjeringar, meirarbeid og dårleg samvit for det han ikkje rakk over til riktig tid, skubba osingen inn i det som heile tida hadde vore plan A – eit arbeid innan videoproduksjon.

– Variasjon og framdrift er stikkorda mine for trivsel i arbeidskvardagen. Fleksibiliteten, det å styre sin eigen arbeidskvardag, er forfriskande og forlokkande. Postracer Productions er ikkje berre eit arbeid, for meg er det lidenskap. I tillegg får eg stadig nye spennande opplevingar, og eg får treffe mange kjekke folk.

Firmanamnet Postracer Productions kom av seg sjølv. Då han arbeidde i posten deltok han og ein kollega i ein postkøyringskonkurranse i Dublin.

– Postbod frå åtte land var deltakarar, og eg gjekk av med sigeren. Etter det blei «Postracer» tilnamnet mitt.

– Fortel litt om bedrifta di!

– Postracer Productions lagar film til nettsider og sosiale medium, som reklame, dokumentasjon og innhaldsproduksjon. Vi tilbyr oss å sette opp ein plan for bruken av det vi produserer, og vi tar òg gjerne på oss arbeidet med jamleg promotering på sosiale medium. Ein kvar som har utført promoteringsarbeid veit at det er tidkrevjande, og mange av kundane føretrekk å overlate dette arbeidet til oss.

Når Bøe seier «vi» meiner han seg sjølv, samt samarbeidspartnarane sine innan grafisk design og marknadsføring.

– Eg er god på mitt fag. Til oppgåvene eg veit andre gjer betre enn meg, har eg innleia eit verdfullt samarbeid med faste hjelparar. Det gjer at Postracer Productions kan tilby ein total marknadsføringspakke til kundane sine, reiegjer Bøe.

– Eg spør alltid om kva kunden ser for seg at videoen eg lagar skal brukast til. Det er viktig for meg at verdien av kunden si reklameinvestering blir så høg som mogleg.

Blant anna fletter Bøe gjerne inn nokre av kundebedrifta sine tips og triks inn i reklamebodskapet.

– Dette aukar sjansen for å bli lagt merke til på sosiale medium, påpeiker han.

Sidefaget til Bøe er pyro-teknikk. I lag med bedrifta ProPyro leverer han spesialeffektar til film- og serieinnspelingar. Til filmen «Krigsseileren» serverte dei både røyk, eld, regn og snø. Og for HBO-serien «Succession», som delvis blei spelt inn i Valldal, var det dei som sørga for elden i leirbålet og dampen i badstova.

– Spesialeffektar for film er eit spanande felt, ivrar Bøe.

– Eg har alltid sett pris på mediet film. Akkurat som musikk hentar film fram kjensler i menneske og gjev dei ei fristund i kvardagen. Eg ser meg som heldig som får arbeide innan eigne interesser, og samtidig får vere med på utruleg mykje kjekt og spanande.

– Kva konkurransefortrinn har Postracer Productions?

– Postracer Productions er i stor grad eit «one-man-show». Det gjer at eg kan halde kostnadene nede både for mitt eige firma og for kundane, og at eg kan agere forholdsvis raskt når eg får eit oppdrag.

Fordelen er òg at kundane har kontakt med den same personen gjennom heile prosessen, og Bøe får tilbakemeldingar om at han er ein behageleg og grei fyr å kommunisere med.

– I dette arbeidet får eg brukt meg sjølv på så mange ulike måtar. Det hender titt og ofte at kunden sjølv skal figurere i videoen eg lagar, men det er ikkje dei fleste som trivst framfor filmkamera. Då er det min jobb å få opplevinga deira til å bli mest mogleg komfortabel. Eg veit òg korleis dei har det, for sjølv trivst eg desidert best bak kamera.

– Korleis er marknaden innan feltet ditt? 

– Det er særs mange spennande bedrifter i Bjørnafjorden kommune. Det gjev meg eit stort uforløyst kundepotensiale. Uheldigvis er eg som skomakaren sine born, som sjølv går utan skor. Eg er så opptatt av å reklamere for andre at eg gløymer meg sjølv, humrar Bøe.

– Men no er nettsida mi omsider straks ferdig, legg han til.

– Framleis er det altfor mange bedrifter som nedprioriterer godt reklamemateriell og innbydande, forseggjorte nettsider, men det har lenge føregått ei omstilling i marknaden. Bedriftseigarar og gründerar veit no etter kvart at skal dei ha suksess, er dei avhengige av jamleg promotering. Reklame er ferskvare. Om ein ikkje jamleg viser at ein finst, blir ein fort gløymt.

– Kva er den største utfordringa di?  

– Det er den økonomiske usikkerheita som følgjer med å vere sjølvstendig næringsdrivande. Då eg starta bedrifta gjekk vi rett inn i ein koronaepidemi, og no for tida er det økonomiske nedgangstidene som regjerer. Det har skapt vanskelege økonomiske forhold for mange bedrifter, og då er det ikkje reklamemateriell som står øvst på lista.

– Kva planar har du for framtida?  

– Postracer Productions skal fortsette å hjelpe bedrifter med synleggjering på marknaden, slik at dei får presentert seg på ein god måte. Tidlegare år leverte eg ofte ut berre det ferdige reklameinnhaldet eg hadde laga. Framover skal vi vidareutvikle tilbodet vårt av dei totale pakkane, der kundane får utlevert ein meir heilheitleg plan på korleis dei best kan nytte seg av leveransen vår.

– Kva verdi ser du i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Bjørnafjorden næringsråd er eit særs viktig organ for området, og eg ser medlemsskapet der som veldig verdfullt. Inntil nyleg hadde eg kontor i Gründerparken der Bjørnafjorden næringsråd held til. Det nytte eg godt av, for leiaren av næringsrådet har ei unik evne til å backe opp og heie fram ferske bedrifter.

Bøe rosar arenaane næringsrådet skaper, som Bjørnafjordkonferansen, frukosttreff og foredrag.

– Sjølv om enkelte av temaa som blir tatt opp ikkje er relevant for meg, prøver eg å få med meg mest mogleg av arrangementa. Fagleg innputt er alltid kjekt, og det er alltid noko nyttig å hente med seg. I tillegg er treffa deira ypparlege anledningar til å møte andre bedrifter og menneske som har lyst til å skape noko.

Fakta om Postracer Productions:

– Utfører filmproduksjon og pyroteknikk.

– Held til i Os sentrum.

– Har 1 tilsett.

– Eigd av Ole Henning Bøe.

– Etablert som ENK i 2019, vart AS i 2020.

– Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.