22.12.2023

Vi snakkar med Ly Forsikring!

Vi snakkar med Ly Forsikring

Med innovativt konsept og upåklageleg service, tar Ly Forsikring sitt sist tilkomne avdelingskontor Vestlandet med storm.

Tekst: Irene R. Mjelde

– Selskapet vårt har som mål å ha den beste kundebehandlinga og det beste tilbodet som er å finne i forsikringsmarknaden, reklamerer Frode Nilsen, regiondirektør for vestlandsavdelinga til Ly Forsikring.

– Kundetilfredsheita i den norske forsikringsmarknaden har gått nedover dei siste fem åra. Bedriftskundar opplever å ikkje få den oppfølginga dei forventar, og dette holet går Ly Forsikring inn for å tette.

– Fortel litt om bedrifta di!

– Ly Forsikring er totalleverandør av skadeforsikring til næringslivet i Noreg. Hovudkontoret ligg på Moelv, og selskapet har avdelingar i regionane; Innlandet, Sør-Øst Noreg, Midt- Noreg, Rogaland, Vestland og Nord-Noreg. Målgruppa vår er dei mellomstore bedriftene,  reiegjer Nilsen.

Den blide bergensaren står i spissen for selskapet sitt ferskaste avdelingskontor, lokalisert i Blomsterdalen og opna 1. januar 2022.

– Som namnet tilseier skal vi fungere som eit vern for kundane våre. I tillegg til å sikre dei dei beste forsikringsavtalane, skal vi, som ein med god fantasi kan forstå av logoen vår, fungere som eit trygt og beskyttande skjold over hovuda deira.

For å oppnå målet sitt om uklanderleg kundeservice har Ly Forsikring lagt til rette for eit heilt nytt konsept innan næringslivsforsikring. Denne avtalen har dei på godt norsk kalla «Selective Insurance».

– For å bli karakterisert som ei Selective Insurance-verdig bedrift må selskapet score betre enn snittet for gjeldande bransje. Dei må såleis bevise at dei har stor respekt for dei menneskelege og materielle verdiane som bedrifta deira forvaltar, forklarar Nilsen.

– Vi vil tiltrekke oss dei beste kundane, og det finst særs mange aktuelle bedrifter på Vestlandet. Vi ser at dei gode kundane ofte ikkje får den prisen og rådgjevinga dei fortener, og potensialet for oss som forsikringsaktør er enormt.

Når ei bedrift er inne i Ly-varmen som Selective Insurance-kunde får bedrifta sin eigen porteføljeforvaltar, med eit team i ryggen som har høg kompetanse og brei erfaring innan alle forsikringstekniske område.

– Ved hjelp av eit eigenutvikla risikovurderingsverktøy analyserer porteføljeforvaltaren, saman med kundebedrifta, verdiar og risiko. Ut frå resultata i analysen vil vi kunne tilpasse forsikringstilbodet til kvar enkelt kunde sine behov. Ei Selective Insurance-bedrift oppnår slik forsikringsvilkår som er vesentleg betre enn det ein elles ville kunne forvente, påpeiker Nilsen.

– Kva konkurransefortrinn har Ly Forsikring?

– Mange store forsikringsaktørar har dei siste åra gått inn for digitalisering, sentralisering og nedskalering i talet tilsette. Ly Forsikring fokuserer på det motsette. Vi ønsker å vere lokalt forankra, og vi satsar så langt det lar seg gjere på fysiske kundemøter. Kunden får den same personen å forhalde seg til over mange år. Porteføljeforvaltaren deira vil etter kvart få god kjennskap og oversikt over bedrifta sine behov, og slik ha gode forutsetningar for å vere den rådgjevaren kunden fortener.

Nilsen sjølv har arbeidd ti år innan forsikring, og kollegaane hans ved vestlandskontoret har opp til 35 arbeidsår bak seg i bransjen. Fartstida totalt på dei fem tilsette i Bergen er imponerande.

– For å skape det beste forsikringsproduktet må ein ha fokus på å ville hjelpe. Det fordrar at ein er nysgjerrig og imøtekommande, og dei eigenskapane vil eg påstå at eg innehar.

– Korleis er marknaden innan feltet dykkar? 

– Svært mange norske bedrifter kan kategoriserast som mellomstore bedrifter. Det er ein stor marknad som blir betjent av få aktørar. Ly Forsikring er ein forholdsvis ny aktør, men vi markedsfører oss lite. Slik vi ser det er den beste marknadsføringa referansane frå dei mange fornøgde kundane.

Konseptet deira slår godt an. Kvart år aukar kundemassen til Ly Forsikring med 25-30 prosent.

– Det er ikkje ofte det i Bergens-området dukkar opp nye aktørar innan bedriftsforsikring. At det kjem ein ny utfordrar med spisskompetanse innan faget, skal kundane vere tent med.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Tja, korleis skal eg svare på det da? Vi er et så ungt selskap at eg slit litt med å finne utfordringar.

Nilsen beklagar at det kan høyrast litt flåsete ut.

– Eg må få lov til å skryte litt, ler han.

– Kva planar har de for framtida?  

– Vestlandskontoret skal auke talet tilsette, noko som vil skje naturleg ettersom vi forventar å få fleire kundar. Og vi skal halde fram med den tette, gode oppfølginga av kundane våre, og gje det gode tilbodet som vi ser fungerer.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– På samlingane til Bjørnafjorden næringsråd møter vi mange interessante bedrifter. Vi aukar kontaktnettet vårt, har ein fin og effektiv arena for marknadsføring av Ly Forsikring, og får samtidig kjent litt på kva som rører seg i næringslivet i Bjørnafjorden kommune, seier Nilsen.

– Det å kunne rose kvarandre, gje ein klapp på skuldra, har så mykje å seie. Det skaper ein dominoeffekt som bygger kvarandre opp, og gjer eventuell kritikk overflødig.

Forsikringsseljaren meiner at betjeningskonseptet til næringsrådet gjenspeglar seg i Ly Forsikring sitt tankesett.

– «Set kunden sitt behov i framsetet, driv med rådgjeving, spel på lag med kvarandre og gjer kvarandre gode.» Eg trur desse tankane skil oss frå mange andre liknande selskap.

Så må han skryte litt til, av leiaren av Bjørnafjorden næringsråd denne gongen:

– Synnøve Reksten Mowinckel viser eit brennande engasjement for at næringslivet saman skal få skape god vekst og utvikling i Bjørnafjorden. Vi i Ly Forsikring vil få fram kor takknemlege vi er for den gode mottakinga vi har fått som nytt medlem.

Nilsen og co. deltok for første gong på Bjørnafjordkonferansen i haust, og han presiserer at dette arrangementet var av skyhøg kvalitet.

– Heile settinga, med særs gode innleggshaldarar og triveleg mingling etterpå, var ei veldig fin og velsnekra oppleving.

Fakta om Ly Forsikring ASA:

  • Totalleverandør av skadeforsikring til næringslivet i Noreg.
  • Adresse: Ytrebygdsvegen 215, Blomsterdalen
  • Har fem tilsette i Vestland og 80 tilsette på landsbasis.
  • Årleg total omsetnad er 700 millionar.
  • Eigd av private investorar.
  • Etablert i 2011. Kontoret i Bergen blei starta 1. januar 2022.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: lyforsikring.no