Advokatfirmaet Kyrre vert ny hovudsamarbeidspartnar med Bjørnafjorden næringsråd
Bjørnafjorden næringsråd veks og med oss har vi også fleire sterke samarbeidspartnarar. No er me glade for å kunngjere at advokatfirmaet Kyrre har blitt ein av våre hovudpartnarar.
Representantar frå Advokatfirmaet Kyrre og Bjørnafjorden næringsråd under signering av avtale måndag 17. mars (Foto: Marie Ingeborg Kroka/Midtsiden)
– Vi er avhengige av samarbeidspartnarar for å få ting til, seier styreleiar Solfrid Ørnes i Bjørnafjorden næringsråd.
– Dette samarbeidet vil styrke vårt arbeid for å fremje næringslivet i kommunen. Saman skal me setje fokus på viktige saker, seier dagleg leiar Kristian Bruarøy i Bjørnafjorden næringsråd.
Les også eige sak i Midtsiden.no
Advokatfirmaet Kyrre, etablert i 2003, har opparbeidd seg eit solid omdømme i Bergensområdet. I 2022 utvida dei med eige kontor i Hamnevegen på Osøyro. Advokatfirmaet tilbyr spesialisert juridisk bistand til næringsdrivande, kommunar og andre offentlege instansar, samt til privatpersonar. Deira kompetanse og erfaring vil vere ein verdifull ressurs for våre medlemmar.
– Gjennom dette partnarskapet vil vi delta aktivt på arrangement og nettverksmøte i regi av Bjørnafjorden næringsråd. Vi vil dele kunnskapen og erfaringa vår, og tilby rådgjeving som kan hjelpe bedrifter med å navigere i juridiske utfordringar og nytte moglegheiter. Vi har fleire advokatar med heimstad og tilknyting til Bjørnafjorden, og ønskjer å vere ein juridisk partnar for næringslivet i Bjørnafjorden med sterk lokal forankring og lokalkunnskap, seier partner i advokatfirmaet, Tarjei Brimsholm Hovland.
Fordelar til medlemmer
Advokatfirmaet vil dessutan gje medlemmer av Bjørnafjorden næringsråd og dei tilsette i medlemsbedriftene eit godt tilbod:
- Medlemsverksemder i Næringsrådet får tilbod om 15 % rabatt på ordinære timesatsar hos Kyrre.
- Tilsette i medlemsverksemder i Næringsrådet får tilbod om 15 % rabatt på ordinære timesatsar hos Kyrre.
– Vi ser fram til å samarbeide tett med advokatfirmaet Kyrre for å støtte og utvikle det lokale næringslivet i Bjørnafjorden, seier Bruarøy.
Les meir om advokatfirmaet på deira nettsider: https://kyrre-bergen.no/