Bjørnafjorden Næringsråd er for næringsdrivande i og rundt Bjørnafjorden kommune
Næringsrådet skapar aktivitet gjennom ulike former for arrangement for medlemmene og øvrige næringsdrivande. Næringsrådet er for bedrifter i heile regionen, og har eit godt samarbeid med blant anna Os Sentrumsforening, AMFI Os, Fjord´n senter og Bjørnafjorden Kommune. Bjørnafjorden næringsråd er ei vidareføring av Fusa Næringslivslag og Os Næringsråd, vart stifta i 2018 og har kontoradresse i Bjørnefjorden Gründerpark i hjartet av Os sentrum.