Torsdag 29. august
Søknadsportalen for Fjordfondet 2024 er nå open, og vi inviterar til kurs i søknadskriving og open dag i Bjørnafjorden Gründerpark. Her kan ein få hjelp til korleis ein skriv ein god søknaden.
Å skrive ein god søknad er ikkje alltid lett, og av og til har ein behov for litt hjelp.
Ein godt skrive søknad aukar sjansen for å få naudsynte midlar og ressursar frå Fjordfondet, men også frå andre investorar, tilskotsordningar eller andre finansieringskjelder. Søknaden må overtyde mottakarane om at prosjektet er verdifullt, realistisk og gjennomførbart.
Ein grundig søknad motiverar deg som søkar, til å tydeleg definere mål, metodar, tidsrammer og budsjett. Dette bidreg til å skape ein klar plan og struktur for prosjektet, noko som er essensielt for effektiv gjennomføring og for å unngå misforståingar og forseinkingar.
Ein profesjonell søknad byggjer tillit og truverde hjå interessentar, inkludert partnarar, teammedlemmar og eksterne støttespelarar. Det syner at prosjektet er godt planlagt og at teamet bak har kompetansen og forpliktinga som krevst for å gjennomføre det vellukka.
Agenda for dagen:
Det er viktig at alle som melder seg på kurs og møter, at ein møter med eit gjennomtenkt prosjekt og påbegynt søknadstekst.
- 9.00 – 11:00: Søknadskrivekurs
- 11.00 – 12.00: Lunsj – her får ein høve til å ete lunsj saman med resten av gjengen i gründerparken. Her kan ein få mange gode tips på vegen og det er fare for mykje latter.
- 12.00 – 15.00: Ein til ein møter for å diskutere din søknad
Fjordfondet 2024
Fjordfondet har som formål å forvalta gåvemidlar bevilga av Sparebanken Vest. Midlane skal brukast til næringsutvikling i Bjørnafjorden Kommune.
I år aukar Sparebanken Vest midlane til 600 000 kr der ein kan få tildelt inntil 200 000 kr til eit prosjekt.
For meir informasjon og søknadskjema, klikk her!