Onsdag 21. oktober – kl 08:30
Onsdag 21. oktober kl. 08:30–10:00 (mingling frå 08:00)
Stad: NAV sitt kontor, Holtbrekka 7 (Os næringspark), 5200 Os
Sjukefråvær kostar tid, pengar og krefter – og mange leiarar er usikre på kva dei kan og skal gjere. I samarbeid med NAV ønskjer me å setje søkelys på dei mange meiningane rundt temaet.
Kven bestemmer eigentleg: legen, NAV eller arbeidsgivar?
Kva betyr tilretteleggingsplikt og medverknadsplikt i praksis? Og kva gjer bedriftene som faktisk får ned fråværet?
Kva er viktig å hugse på, og kva fører til frustrasjonar hos arbeidsgjevar?
Vi møtest hos NAV, som vil knuse nokre mytar, dele erfaringar frå bedrifter som lukkast, og vise kva hjelp du kan få – mykje av ho er gratis.
Me ønskjer å gjere møtet så relevant som mogleg, og ønskjer på førehand konkrete innspel.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








