31.05.2023

Vi snakkar med Engevik Gaard

I Sævareid kan du feire den store dagen din på embetsgarden som har husa majorar og barondøtrer. 

Tekst: Irene R. Mjelde

Det sviv ein historisk sus over familiebedrifta Engevik Gaard. Serveringsstaden har anar heilt tilbake til året 1723. Loren Ditmarsen-Radecka er niande generasjon i strak line frå generalmajoren som sette det første spadetaket i jorda her ved Sævareidfjorden.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– Foreldra mine starta med gardsturisme i 1993. Dei hadde sauar på garden fram til for ti år sidan. Då eg og mannen min Maciej Radecki overtok i 2019, hadde drifta utvikla seg til ei veldrive serverings-, pub- og cateringverksemd.

Engevik Gaard har ni hus på tunet. Hittil er tre av dei innreia som selskapslokalar. Sjøbuo har plass til 50 spisegjester, i Borgstovo kan det dekkast til 25 personar, og i Eldhuset kan 12 personar få plass ved grua. I tillegg har dei deler av hovudhuset tilgjengeleg for matservering.

– Som ein ekstra aperitiff får gjestane våre med seg historia til garden. Fram til midten av 1800-talet var dette ein militærgard. Førstegenerasjons gardseigar var generalmajor. Sonen hans vart òg general, som gifta seg med dottera til baronen og baronessa i Rosendal. Å kunne vidareformidle slektsarva mi gjer meg stolt, og eg kjenner meg heldig som får vere med på å skape gode minner for andre, i konfirmasjonar, dåpsdagar, jubileum og andre store feiringar.

– Kva konkurransefortrinn har Engevik Gaard?

– Engevik Gaard er idyllisk plassert heilt i sjøkanten ved Sævareidfjorden. Me tar aldri imot meir enn eitt selskap om gongen, så gjestane har heile det vidunderlege området for seg sjølve.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Sidan me førebels ikkje kan tilby overnatting er gjestane våre av den lokale sorten, stort sett frå Fusa, Kvam, Tysnes eller Kvinnherad. Både catering- og restauranttilbodet vårt blir nytta heile året, men dei travlaste månadene er på våren, frå april til uti juni. Då har me konfirmasjonsarrangement kvar helg. Mange vil sikre seg tidleg, og me har allereie bestillingar for sesongen i 2025.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Den idylliske og fredelege plasseringa er vårt største fortrinn, men ho er òg vår største svakheit. Då min tipp-tipp-tipp-tipp-tippoldefar bygde garden var dette ein mykje meir sentral stad enn han er i dag. Den gongen kom folk sjøvegen, mens gjestane no som oftast må forsere smale og kronglete vegar i bil eller buss. Men, når dei først har kome fram kan eg love at køyreturen er vel verdt det.

– Kva planer har de for framtida?   

– Me er no i gong med å restaurere hovudhuset. Her skal det med tida komme nytt kjøkken, og tre stover skal stå klare for å ta imot spisegjester. I tillegg vil me innreie rom i andre etasje, for å opne opp for overnattingsmoglegheiter for gjestane. Det er ofte eit sakn at me ikkje kan tilby full pakke med overnatting.

Medan mannen hennar arbeider fulltid i familiebedrifta, har Ditmarsen-Radecka, i tillegg til drifta av Engevik Gaard, jobb som ansvarsvakt på kveldstid på Solstrand hotell. Dei er første generasjonen i rekka som har valt å ikkje bu på gardtunet. Ved å heller bu i nærleiken får dei litt avstand til arbeidsplassen sin på fritida.

– Med tre små døtrer i alderen frå åtte månader til fire år rekk me ikkje å kjede oss. Me ønskjer å prioritere borna våre dei neste par åra, og tar ting litt som dei kjem. Drifta av Engevik Gaard er meir ein livsstil enn ein jobb. Ein er nøydd til å innrette seg så ein trivst med arbeidet, og me er framleis unge i «gamet». Det er ingenting som brenn. Me tar oss god tid og bygger stein på stein.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det gode nettverket til Bjørnafjorden næringsråd er ein kjemperessurs for oss. Særleg har me nytta oss av dei lærerike, sosiale frukostmøta deira. For gründerar er det gull verd å kunne lufte idéar og få tips og råd tilbake.

Ditmarsen-Radecka skulle ønskje at fleire bedrifter var med å engasjere seg. Jo fleire som er med, jo betre blir tilbodet, meiner ho.

– Leiaren for næringsrådet gjer ein kjempejobb. Så er det opp til oss medlemmar å sjå verdien av dette arbeidet. Saman kan me styrke næringssamfunnet i kommunen, fastslår gardsgründeren.

– Spesielt veletablerte bedriftseigarar går gjerne i si eiga boble. Dei gløymer at det er viktig å vere med å tenke nytt, i staden for å sette seg fast i eitt og same spor. Kom igjen folkens, bli med! oppfordrar ho.

Fakta om Engevik Gaard:                                                                       

  • Familiedriven slektsgard som tilbyr catering, pub og utleige av selskapslokalar, med matservering.
  • Sundvorvegen 277, Sævareid.
  • Har 2 tilsette.
  • Omsetnad i 2022 var 1,7 million kroner.
  • Eigarar er Loren Ditmarsen-Radecka og Maciej Radecki.
  • Etablert i 1993.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: engevikgaard.no