26.01.2027

Vi snakkar med Lekven Entreprenør AS!

– I framtida, når alle dei store byggeprosjekta som ligg i planane kjem i gang, kjem Os til å bli det nye Sandsli og Kokstad, spår Glenn Hovland, dagleg leiar hos Lekven Entreprenør AS.

Tekst: Irene R. Mjelde

Lekven Entreprenør AS er den ferskaste medlemmen i Bjørnafjorden næringsråd. Dei har berre ei veke bak seg på medlemslista då dei stiller til Medlemspraten.

– Vi har lenge tenkt på at vi skulle melde oss inn, innrømmer dagleg leiar, Glenn Hovland.

– Januar er ei fin tid å komme i gang med nye og gamle planar, og vi var så heldige å få med oss nyårets kick-off hos næringsrådet – padletennisturnering. Der hanka vi i land ein fin tredjeplass, og ein femteplass.

– Fortel litt om bedrifta di!

– Lekven Entreprenør er eit middels stort selskap som driv med alt innan grunnarbeid; graving, boring og sprenging, masseforflytting, transport, sant innmåling og utsetting med GPS. Vi tar på oss alt frå små hageprosjekt for private kundar, til store offentlege prosjekt med tilhøyrande infrastruktur.

I tillegg er bedrifta leverandør av natur- og skudesteinsmurar.

– Sistnemnde er ein forhaldsvis ny type støttemur i Noreg. Han er eit rimelegare alternativ til naturstein, og ekstremt effektiv å sette opp.

– Kva konkurransefortrinn har Lekven Entreprenør?

– Vi har svært mange faste kundar, noko eg meiner gjenspeglar at vi gjer ein god jobb. Vi strekker oss alltid langt for å levere prosjekt til avtalt tid og pris. Feil kan skje for alle, men om dei oppstår, ordnar vi opp i dei omgåande. For det er sant som dei seier; har du éin misfornøgd kunde, må du ha sju fornøgde for å utligne.

Lekven Entreprenør har sikra seg kvalitetsstempel som miljøfyrtårnsertifisering og registrering i leverandørregisteret StartBank.

– Det skal mykje til for at ei konkurrerande bedrift i Bergen skal kunne slå oss på pris. Den største kostnaden i vårt fag gjeld transport og deponi av overskotsmassar, og her i Os er det stort sett vi som rår over alle dei godkjente deponia.

Store delar av drifta deira blir basert på at dei tilsette sjølv styrer arbeidsdagen.

– Eg må nytte anledninga til å skryte litt av våre tilsette, seier den daglege leiaren.

– Dei er alle dyktige folk som er til å stole på. Dei får tillit og ansvar, og er òg med på planlegging, noko som gjev dei sjølvstendigheit og eigarskap til prosjekta, og senker administrasjonskostnadene til bedrifta.

Gode arbeidsforhold skapar trivsel.

– Vi er kry av det ekstremt låge sjukefråværet i bedrifta, 0,76 prosent i 2023, og ingenting av det er knytt til arbeidsskadar. Det gjer at vi kan planlegge sikkert heilt frå kalkulasjonsfasen til ferdig fullført jobb.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– No for tida er marknaden særs roleg. Vi reknar på mange prosjekt, og omsetningsmessig har vi fylt opp heile 2024, om prosjekta vi har fått tilslag på kjem i gang. Men med rentene, og dei auka kostnadane som er no, verkar det som at mange av kundane planlegg prosjekta, for så å sitte på gjerdet og vente på betre tider.

Det gode er at bedrifta er bygd opp slik at ho har mange bein å stå på. Hovland fortel om store samarbeidspartnarar, rammeavtale med Bjørnafjorden kommune, og mange faste private kundar i bedrifts- og privatmarknaden.

– Eg har stor tru på siste halvdel av 2024 og på 2025. Og vi har nok arbeid til at vi går rundt slik det er no og.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Det er normalt at marknaden svingar, og når det er mindre arbeid blir konkurransen hardare. Det blir stilt stadig større krav til miljøaspektet i bransjen. Det er ei stor investering å satse på utsleppsfrie elektriske arbeidsmaskiner. Vi, og andre entreprenørbedrifter på vår størrelse, er ikkje komne dit enda, noko som gjer at vi må seie frå oss enkelte store prosjekt.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen? Er det noko du helst ville ha endra på?

– I konkurransegrunnlaga er det ikkje lenger berre prisen som blir lagt til grunn. Verdien av gjennomføringsevne, tidsbruk, oppgåveforståing og ein stabil nøkkelperson står stadig sterkare.

Slike kriterium skårar Lekven Entreprenør høgt på.

– Når vi er underentreprenør i større prosjekt er det vanleg at vi blir målt opp mot dette. Men i mindre prosjekt, der vi står som hovudentreprenør, burde desse vurderingane stått sterkare enn dei gjer no. Det er ikkje alltid det er det lågast prisa tilbodet som blir det rimelegaste til slutt. Vi vil ikkje senke kvaliteten på arbeidet vårt til fordel for ein lågare pris.

– Kva planar har de for framtida?  

– Vi skal bli den foretrukne entreprenøren i Bjørnafjorden kommune, annonserer Hovland.

– Størrelsesmessig skal vi halde oss om lag på det same talet tilsette som vi har i dag, slik at vi får behalde det gode samhaldet vi har i selskapet. Om eit firma er for stort misser ein lett den gode kameratskapen mellom arbeidarane. Vi vil ikkje vere større enn at vi alle kan ta turar i lag, eller delta samla på messer og arrangement.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Eg har høyrt så mykje positivt om Bjørnafjorden næringsråd sitt arbeid, om Bjørnafjordkonferansen, frukostmøte og andre interessante arrangement. Det var på høg tid at vi melde oss inn.

Hovland ser fram til at bedrifta han leier er ein del av eit lokalt næringsnettverk, der dei på enkelt vis kan bygge relasjonar med andre bedrifter i kommunen.

– For oss i Lekven Entreprenør er det veldig viktig å bruke lokale krefter. Når vi har behov for innleigd hjelp nyttar vi alltid lokale aktørar, som elektrikarar, røyrleggarar og anleggsgartnarar. Slik er vi med på å styrke vår eigen kommune.

Fakta om Lekven Entreprenør:

  • Utfører alt innan grunnarbeid for offentleg og privat marknad.
  • Adresse: Ulvenvegen 371, 5217 Hagavik.
  • Har 13 tilsette.
  • Omsetnad i 2023 var 42 millionar.
  • Eigd av Hallgeir Lekven.
  • Etablert som AS i 2013.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.lekvenentreprenor.no