31.08.2024

Vi snakkar med ny dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd

– På veldig mange områder vil ein lykkast betre om ein samarbeider, uttaler Kristian Bruarøy, Bjørnafjorden næringsråd sin nytilsette leiar.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde

1. AUGUST tok han over stafettpinnen frå Synnøve Reksten Mowinckel. No gler Kristian Bruarøy seg til å bruke eigen erfaring og kompetanse til å sørve næringsrådet sine medlemsbedrifter, og ta næringslivet i Bjørnafjorden enno eit hakk vidare inn i framtida.

– Om ein skal lykkast med å skape eit velfungerande samfunn, er godt samarbeid noko av det viktigaste å ha på plass. Mitt ønske er å oppnå best mogleg samspel mellom, og med, Bjørnafjorden sine mange bedrifter, fortel han.

Som leiar av Bjørnafjorden næringsråd har Bruarøy mange ess i ermet.

– Mi største styrke er allsidigheita mi. Som driftar av eiga konsulentverksemd har eg vore rådgjevar for gründerar og etablerte bedrifter, enkeltpersonføretak og konsern, og mykje der imellom. Eg meiner å kunne sette meg inn i rolla til leiarar av ei stor mengde føretak, heilt frå gründerskap til styrenivå.

– KVA ER det beste med Bjørnafjorden?

– Sjølv om eg likar meg godt ute i verda, har eg ein sterk forkjærleik til heimstaden min – folket, naturen og nærleiken til havet. Dette er plassen eg kjenner best, og plassen der eg kjenner meg heime.

By og bygd på same tid, omtalar Bruarøy heimstaden sin som.

– Med mykje ledig næringsareal og med tilgang til sjøen har vi eit kjempepotensiale her i Bjørnafjorden. Samtidig er det ein trygg stad å bu.

Bruarøy bur i Søre Øyane. Der vaknar han til måseskrik og skjergardsdufter kvar morgon.

– Det er ein heilt eigen stemning i små vestlandsbygder. Ein får ting til. Som slagordet for Øyane sin raskt veksande musikkfestival lyder: «Me er langt frå dei største, men på stemning er vi best!» Og slik er det jamt over i heile Bjørnafjorden.

Engasjement for det ein driv med er essensielt, anten det gjeld i yrkeslivet eller på fritida. Trebarnsfaren boblar over av fenomenet, uansett kvar han er.

– Mange i Bjørnafjorden kjenner meg nok igjen frå det lokale idrettsmiljøet. Engasjementet mitt lar seg ikkje alltid skjule, verken når eg sjølv er på bana, som trenar, eller eg står på sidelina når barna mine spelar, innrømmer han.

YRKESBAKGRUNNEN hans er vid og solid, og særs veleigna for den nye stillinga: Kjøp og sal i innland og i utland har gjeve han god forståing for internasjonale forhald. Han har bak seg intraprenørskap, entreprenørskap og selskapsutvikling, då særleg innan teknologiområdet. Styreverv i ulike næringar har vore med på å gje han innsikt i å drive mange ulike bedrifter. Av vesentleg relevans er det òg at Bruarøy tidlegare har vore med å arrangere ulike seminar og store konferansar. Han har erfaring med å sjølv stå på ei scene, og med å tilrettelegge for andre som skal på scena.

Som ein milepæl i yrkestida si, trekker Bruarøy fram deltakinga i å byggje og leie strømmetenesta til TV 2.

– Eg er stolt av å ha vore med på dette arbeidet, i lag med mange flinke arbeidspartnarar og kollegaer. Det var ei pionertid for meg og for heile mediebransjen i Noreg, og eg samla utruleg mykje livs- og yrkesballast i løpet av dei åra, mimrar han.

Journalistbakgrunnen hans har gjort sitt til at han er opptatt av å få fram fleire sine stemmer.

– Eg meiner at eg med min bakgrunn skal kunne vere ein god samtalepartnar for dei fleste.

– KVIFOR skal ein vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Som medlem hos oss viser ein interesse for lokalmiljøet, og ein bidrar til at eit samla næringsliv kan utvikle seg. Det er medlemskontingenten som gjer at vi kan skape arrangement, møteplassar og eit fagleg tilbod, som igjen synleggjer Bjørnafjorden for næringslandskapet utanfor kommunen. Ein yter litt, og får mykje tilbake.

Mange omtalar næringsrådet som ein unik nettverksarena.

– Det å vere ein del av eit nettverk, og nytte seg av tilbodet, gjer ein merksam på kva som rører seg i det lokale næringslivet, på tvers av ulike næringar. Ein får informasjon og spreier informasjon, og ein påverkar og får påverking.

MEDLEMSMASSEN til Bjørnafjorden næringsråd er særs variert.

– Medlemmane våre spenner frå små, familieeigde bedrifter til store konsern. Vi har representantar med frå stort sett alle bygdene i kommunen, men endå er det mange fleire eg gjerne skulle hatt med. Flest mogleg, faktisk, oppmodar Bruarøy.

– Kva visjonar ser du for deg som leiar av Bjørnafjorden næringsråd?

– Eg har ambisjonar om at næringsrådet skal vere den viktigaste nettverksarenaen for bedrifter i Bjørnafjorden kommune. Eg vil fungere som ein nyttig sørvismedarbeidar og arbeide for å betre rammevilkåra for medlemsbedriftene våre. Det er viktig å fange opp endringar som blir gjort i stat og kommune, og bruke dei til det beste for oss. Bjørnafjorden skal vere ein attraktiv plass å etablere bedrifter, både for eigne innbyggarar og for etablerarar utanfrå kommunen.

Aktivitetane til næringsrådet skal vere relevante for mange.

– Eg vil legge vekt på å ta avgjerder som kjem flest mogleg til gode. Og desse skal gjerast på medlemsbedriftene sine premissar, ikkje mine.

Som eksempel brukar han Bjørnafjordkonferansen.

– Dette arrangementet er det største møtepunktet vi har. Den unike arenaen trekker årleg fleire hundre deltakarar. Å halde fram med, og utvikle, Bjørnafjordkonferansen slik medlemmane ønsker, er viktig. Eg vil gjere det enda meir freistande å melde seg inn i næringsrådet, og auka medlemstalet ytterlegare. Jo fleire vi er, jo meir kan vi få til.

SJØLV OM NÆRINGSLIVET i Bjørnafjorden for det meste består av små bedrifter, har det òg innslag av enkelte store med over 250 tilsette. Store «bjøllesauar» kan opne dører, meiner Bruarøy, men han fastslår òg at initiativet til den generelle sambygdingen like fullt er gull verd.

– Bjørnafjordingen er ein typisk pioner – full av gode, nyskapande og innovative idear og visjonar. Men, flinke igangsettarar er ikkje alltid like dyktige til å gjere ting varig og veksande. Det er mange bedrifter her som sit med geniale idear, og som kan vidareutvikle seg til noko verkeleg stort. Det gjeld berre å legge til rette for det.

Til det håpar han å kunne vere til hjelp, som leiar av næringsrådet.

– Om ein ser til reiselivet, eller til dømes til Hardangersider, er det tydeleg at små selskap drar nytte av kvarandre. Bedrifter med to-tre tilsette kan ikkje tilby alt åleine, påpeiker Bruarøy.

Og kvifor skal vel kvar enkelt bedrift finne opp krutet på nytt?

– Distriktsbedrifter skal òg vere konkurrentar, men ein skal huske på at ein stundom kan stå sterkare i samla flokk. I Bjørnafjorden, som i andre bynære kommunar, må vi være flinke på samhald og til å heie kvarandre fram. Vi kan vere døropnarar og marknadsførarar for kvarandre. Saman kan vi gjere Bjørnafjorden til ei merkevare i seg sjølv, og være opne for breie samarbeid både innan og utanfor bygda. “Vidsyn” er tema for Bjørnafjordkonferansen i år, i så måte eit høgst aktuelt omgrep.

HAN SIT SOM den einaste tilsette i Bjørnafjorden næringsråd, men i ryggen har Bruarøy eit aktivt deltakande styre med engasjerte styremedlemmar. Kontoret til næringsrådet er lokalisert i Gründerparken, midt i sentrum av Osøyro, og det er næringsrådet som driftar denne smeltedigelen av firmaetablerarar.

– Gründerparken skal stimulere til etablering av nye bedrifter. Her kan nyetablerarar leige seg inn, og tankekraft og gjennomføringsevne aukar når ein kan hente fagleg påfyll i samvær med andre ferske gründerar.

Det er framleis ledig kontorplass.

– Det er berre å ta kontakt. Og om Gründerparken ikkje er rette staden kan vi likevel peike vidare i riktig retning.

Gjennom dei første vekene i den nye stillinga har Bruarøy via tid til å bli kjent med ei god samling av næringsrådet sine medlemmar og samarbeidspartnarar.

– Kom veldig gjerne innom for ein prat og ein kopp kaffi, inviterer han.

– Eg set stor pris på å forstå kva medlemmane våre ønsker seg.

– KVA TANKAR gjer du deg om den nye jobben din?

– Eg er viss på at jobben eg no går inn i er viktig for lokalsamfunnet. Eg har lyst til å gjere tinga rett, å gjere tilbodet til næringsrådet rikt nok og nyttig nok for alle. Helst vil eg gjere alle til lags, sjølv om eg veit det kan bli vanskeleg.

Det hender Bruarøy låner sitatet til universitetslektoren som forelas under journalistutdanninga hans i Volda: «Det viktigaste er at me er ein fin gjeng og har det kjekt.»

– God kommunikasjon og trivsel skaper vekstgrunnlag. Gje meg veldig gjerne tilbakemeldingar, både positive og negative, og kom gjerne med innspel til kva de ønsker at næringsrådet skal fokusere på. Eg vil gjerne høyre frå dei som bryr seg, anten dei er gründerar, bedriftseigarar eller tilsette.

Kristian Bruarøy i møte med næringsrådet sin nestleiar Frank Moberg.