29.04.2022

Vi snakkar med Vestlandske Limtreindustri!

– Auka omsetnad dei siste åra! Vestlandske Limtreindustri er i vekst og ønskjer no fleire tilsette i den Holmefjordbaserte verksemda

Medlemspraten denne månaden er med Gunnar Utskot, dagleg leiar i Vestlandske Limtreindustri.

Gøril Eline Nordtvedt

  1. Fortell litt om Vestlandske Limtreindustri

Verksemda har sitt hovudsete i Holmefjord, i Nore Fusa. Den vart stifta i 1975, og er vel for ei vaksen verksemd å rekna! Den vart drifta av gründerar og andre eigarar før Hui-gruppa frå Bergen gjekk inn på eigarsida på 90-talet. For vel 4-5 år sidan kjøpte Trond Mohn opp aksjeposten til den eine av Hui-brørne, og no eig han, saman med Wing Wah Hui, brorparten av aksjane i verksemda. Det er også to lokale eigarar med mindre aksjepostar. Heilt sidan starten i 1975 har verksemda produsert limtre og takstoler, og dette er fortsatt ein grunnleggjande del av drifta. Sjølv har eg jobba her i snart 12 år.

Dei siste åra har vi staka ut ein litt annan kurs, og begynt å produsera precut byggjesett til hus og større bygg, i tillegg til limtre, takstolar, I-bjelkar, sperrekonstruksjonar med meir. No er vi ein komplett leverandør på hovudkonstruksjonen i bygg, og har difor fått fleire bein å stå på. Vi har hatt omfattande investeringar dei siste åra, bygd ut og fått meir maskineri på plass, og treng no fleire medarbeidarar som kan bli med på utviklinga vidare!

  1. Kva slags konkurransefortrinn har de?

I dag, etter investeringane våre, er eitt av våre store forttrinn at vi har blitt ein meir komplett og samansett leverandør. Vi spesialproduserer mykje, og kan levere heile skjelettet til mange typer bygg i alle storleiker. Vi har konsentrert oss om å vera leveringsdyktige; vi har kort leveringstid, tilpassar oss kundens behov og har kunden i fokus.

  1. Korleis er det å få kundar nå?

Heldigvis har desse åra med koronapandemi gått bra for vår del. Frå å ha ei omsetnad på vel 45 millionar, auka denne til over 70 millionar det siste året, noko vi sjølvsagt er veldig nøgde med. Vi er aktive i marknaden, har interessante produkt og god fagkompetanse, som gjer at vi klarer oss ganske bra.

  1. Kva er den største utfordringa?

Prisvekst og tilgang på råvarer. Verdssituasjonen endra seg så fort og så nært, alle som driv med produksjon er på eitt eller anna sett påverka. Dette gjeld så mange i vårt samfunn. Både pris og tilgang er nøkkelorda. Vår strategi har alltid vore å etablere tette og langvarige forhold til leverandørane våre. Dei er meir samarbeidspartnar enn berre reine leverandørar, og dette har vore viktig. No er ikkje dette ein strategi me har vald berre for koronaåra, vårt fokus på samarbeid med leverandørane har vore ein grunnstein i verksemda alltid. Vi merkar at det har betalt seg no når marknaden var under ekstra stort press.

  1. Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko du ville ha endra på?

Som ansvarleg for ei verksemd er ein jo veldig obs på rammevilkår, men ein har no dei vilkåra ein har. Eg syns det offentlege fungerer bra og vi orienterer oss godt rundt det. Om vi fokuserer for mye på det negative rundt rammevilkår, så mister ein lett det fokuset ein bør ha. Eg har jo sjølvsagt mine meiningar om det som skjer i bransjen på det lokalpolitiske so vel som regionalt og nasjonalt, men i min kvardag må eg jo forholda meg til dei vilkåra som er sett for min bransje til ei kvar tid, og det gjer eg heilt fint og med glede!

Når det gjeld faglege rammevilkår er vi involvert i Norsk Limtreforening og i nordiske bransjesamarbeid, og jobbar gjennom disse med produktutvikling, påverknad av europeiske standardar og fagkunnskapen i Norge. Vi har vore involvert i diverse bokprosjekter, og har gjennom disse samarbeida vore med og utvikla nye lærebøker for ingeniørutdanninga på limtreproduksjon. Dette arbeidet har vore veldig givande og har gitt oss ein moglegheit til å skapa langsiktig interesse for, og kunnskap om det vi driver med. Med det får vi også ein arena for rekruttering innan limtrefaget, som igjen gir ny kompetanseutvikling med spesialisering i vårt felt.

  1. Kva planer har de for framtida?

Å fortsette utviklinga og veksten som ein brei og fleksibel aktør. Vi er nøgde med å halde til i Holmefjord og jobbar like bra her som vi ville gjort andre plassar. Vi har god nærleik til marknaden både i Bergen og Rogaland, og leverar til Nord-Norge og austover. Så vi når bredt ut frå vår plassering i Bjørnafjorden. Det er også energigivande! Vi ligg i eit område med fleire flotte verksemder som er i vekst, så vi har eit godt lokalt nettverk her på Nore Fusa som er både nyttig og kjekt å vere ein del av.

FAKTABOKS:

  • Totalleverandør innan berekonstruksjonar for bygg
  • Har utvikla kompetanse på produkta våre sidan 70-talet
  • Leiande kompetanse på limtreproduksjon
  • Sysselsett ca. 30 personar, og er nå aktivt på utkikk etter fleire medarbeidarar
  • Omsettar for ca. 75 millionar og er i fin utvikling med gode føresetnadar for vidare vekst
  • Medlem i Bjørnafjorden Næringsråd
Vestlandske Limtreindustri
Vestlandske Limtreindustri
Vestlandske Limtreindustri
Vestlandske Limtreindustri