Onsdag 22. februar

Innstramningar i innleiereglane endrar rammevilkåra

Like før 2022 ebba ut vedtok Stortinget dei varsla innstrammingane i tilgangen til å leiga inn arbeidskraft frå bemanningsføretak. Dei nye reglane trer i kraft 1. april 2023, men med ein overgangsperiode på tre månader for inngåtte avtalar.

Har di bedrift oversikt over korleis dei nye innleiereglane påverkar drifta?

Frå 1. april 2023 vil det, med nokre få unntak, ikkje lenger vera tilgang til å leiga inn arbeidskraft frå bemanningsføretak for å avhjelpa arbeidstoppar og sesongvariasjonar. Dette er for mange verksemder, typisk innanfor bygg og anleggsnæringa, ei endring som inneber behov for omfattande endringar knytt til bemanningsplanlegging.

Saman med hovudsamarbeidspartnar, Sands Advokatfirma, inviterar me til frukostmøte der Ellen Gooderham og Torkel Tveit ser på korleis desse innstramningaene vil påverka di bedrift og gi råd om korleis ein kan handtera dei.

Itillegg vil dei ha eit fokus på det aukande graden av tilsyn og kontrollar med lønns- og arbeidsvilkår i offentlege prosjekt.

Bli med du og!

  • Sted: Bjørnafjorden Gründerparken, Torggata 14, 5200 Os
  • Tid: 8.30-10.00 (frukost & mingling frå 8.00)
  • Pris: gratis for medlemmer / 200kr for ikkje medlemmer