24.02.2023

Vi snakkar med Universal Logistics Bergen AS

Transportbedrifta Universal Logistics Bergen styrer «world wide» frå Os.

Tekst: Irene R. Mjelde

Heine Jarland er ein travel mann. Før Bjørnafjorden næringsråd sin journalist kan få ein medlemsprat med han skal han berre nett ein tur til Kamerun og Sør-Afrika. Då den daglege leiaren for Universal Logistics Bergen er vel tilbake i Os klarar vi å snike inn ein kjapp halvtime i ein hektiske arbeidskvardag.

– Fortel litt om firmaet ditt!

– Universal Logistics Bergen er eit spedisjonsselskap som ordnar med transportar for kundar over heile verda. Kundane våre opererer innan mange ulike bransjar, og transportane går føre seg med bil, båt, fly og tog.

Ofte er det nødvendig med forskjellige godkjenningar, og det at dei blant anna er godkjent av Mattilsynet og har Achilles kvalifisering retta mot oljeindustrien, samt har eigen tollavdeling og eige tollager, forenklar arbeidet med sendingane.

– For Universal Logistics er ingen oppdrag for små, og nesten ingen for store, reklamerer Jarland.

Universal Holding AS, tilhøyrande i Oslo, eig 51prosent av aksjane i Universal Logistics Bergen. Dei resterande 49 prosentane er det Jarland som er eigar av.

– Dei siste åra har vi samarbeida mykje med Innovasjon Norge, med fokus mot den humanitære marknaden. Vi hjelper kundar med transportløysingar retta mot humanitære organisasjonar som FN, WHO, WFP. Her er FN sine bærekraftmål vesentlege, og saman med dei einskilde kundane skapar vi gode løysingar for frakta av varene deira. Dette har blant anna ført til at vi har inngått ein eigen LTA (Long time agreement) med UNOPS. Vi tar oss av all innfortolling og distribusjon av gods dei har i Papua Ny-Guinea.

Jarland og bedrifta hans brenn for å utvikle smarte logistikkløysingar og produkt. Dei er sertifisert som Miljøfyrtårnbedrift, og arbeider heile tida for å styrke strategien sin innan miljø- og ressurseffektivitet.

– Målet vårt er å leve opp til globale miljømål samtidig som vi gjer kundane våre til vinnarar. Det handlar eigentleg berre om éi sak – å unngå tomrom i lasta. Det er dyrt å frakte luft, konstaterer han.

– Vi er overtydd om at miljø og berekraft går meir og meir mot å bli ein «bedriftslisens». I form av konkurransekraft, men òg i form av eit samfunnsmessig ansvar for miljøet.

– Kva konkurransefortrinn har Universal Logistics Bergen AS?

– Våre tilsette, vi er to her i Os og fem i avdelinga i Oslo, har alle lang og kompetent bransjeerfaring. I tillegg har vi agentnettverk og samarbeidspartnarar over heile kloden. Som ein liten organisasjon kan vi snu oss fort rundt og ordne spesialtilpassa løysingar for kundane våre.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Dei siste åra har både Korona-pandemien og krigen i Ukraina skapt utfordringar for oss. Fraktkostnader steig mykje då koronaen kom, og uforutsette nedstengingar gjorde det vanskeleg å planlegge lasting og lossing.

Elles enkle oppdrag tok med eitt mykje lenger tid enn vanleg for selskapet. Ved utskipingar, til dømes frå Kina, kunne det ta månader å få konteinarar av garde.

– Mange av sjåførane våre nedover i Europa slutta som følgje av epidemien. Då krigen i Ukraina braut ut forsvann det endå fleire. Det blei mangel på transportkapasitet i hele Europa.

No har dette heldigvis stabilisert seg.

– Transportane går no mykje meir som planlagt. Det vil alltid vere behov for frakt og fortolling av varer, så vi ser lyst på framtida. Sjølv om eg trur at òg 2023 vil kome med utfordringar for ulike deler av næringslivet. Noko som i sin tur vil påverke kor mykje varer som skal fraktast.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Per i dag er den største utfordringa vår å få rekruttert nye kompetente medarbeidarar som vil vere med å utvikle selskapet vårt vidare framover. Som lita bedrift merkar vi stadig større press frå dei større konkurrentane i bransjen. Talet på fraktreglar og krav om ulike sertifiseringar, aukar stadig. Dette er særs ressurskrevjande for en mindre bedrifter, slik som vår.

– Kva planer har de for framtida?  

– For tida er vi to tilsette her i Os, men vi kjem til å ha behov for ein, eller to, nye medarbeidarar i løpet av året. Så om det er nokon som kan transport, fortolling, spedisjon og sal, og ønskjer seg ny jobb i ei triveleg og travel bedrift, er det berre å ta kontakt, lokkar Jarland.

Det er stor variasjon i Universal Logistics Bergen si kundegruppe, så òg i behova deira.

– Vi arbeider blant anna mot å oppnå eit meir stabilt arbeidstrykk, ved å ha fleire faste transportoppdrag, og ved å ta på oss større fraktoppdrag. Dei siste åra har vi jobba mykje prosjektrelatert i andre deler av verda. Blant anna har vi for ein av kundane våre hatt eit omfattande oppdrag i Kamerun. Dette gjeld innanlands transport av 400 konteinarar, som inneheld store hybride solenergi- og lagringsanlegg. Anlegga skal levere rein og påliteleg lågpris-elektrisitet i Grand-North i Kamerun.

Jarland og kollegaane er no i dialog om fleire tilsvarande prosjekter, og håper å lande ein avtale i løpet av året.

– Vi håpar å halde fram med, og forsterke, ein trygg og god arbeidsplass her i Bjørnafjorden kommune.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Der har vi mykje å gå på. Vi har ikkje vore flinke til å delta i arrangementa deira. Heller ikkje til å marknadsføre oss ut mot dei ulike medlemmane i næringsrådet og slik bygge nettverk internt i Bjørnafjorden. Framover vil vi delta på treffa deira oftare, for å bli betre kjent med dei andre aktørane i kommunen. Her finst mange lokale ressursar, påpeiker Jarland.

Fleire av kundane deira, som heldt til i Os, har vore med heilt sidan spedisjonsbedrifta starta i 2012.

– Firma i nærområdet har gitt oss faste køyringar, både innanlands og for eksport og import av varer frå hele verda. Vi var til dømes så heldige å få være transportør av bølgjedemparane då dei ble levert frå Riga til Os hamn, nemner den daglege leiaren av Universal Logistics Bergen.

– Det er berre å ta kontakt så finn vi ei skreddarsydd løysing for dykkar fraktbehov, inviterer han andre medlemmar av Bjørnafjorden næringsråd.

Fakta om Universal Logistics Bergen AS:                                                                                                    

  • Tilbyr alle transportløysingar i innland og utland.
  • Har kontor og eigen fortollingsavdeling i Os Næringspark.
  • Har to tilsette.
  • Omsetnad for 2022 var 33 millionar, deira beste resultat hittil.
  • Eigarar er Universal Holding AS og Heine Jarland, med Heine Jarland som dagleg leiar.
  • Etablert i 2012.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.universallogistics.no
Universal Logistics AS
Universal Logistics AS
Universal Logistics AS