28.09.2023
Frukostmøte: Korleis skapa motiverte medarbeidarar
Det blir stadig større endringsbehov, motivasjonen er ein joker
28.09.2023
Det blir stadig større endringsbehov, motivasjonen er ein joker
Kompetansen forringast stadig høgare tempo, me byter jobbar oftare, forretningsmodellane blir utfordra.
Verda snurrar stadig raskare, og me skal sørgja for at alle heng med.
Når alt går så fort, veit ein kva som motiverar kvar enkelt tilsatt? Og om ein ikkje veit, kva er konsekvensane?
Og korleis møter bedriftene dei ansatte og kva er gode tiltak for sørgje for at motivasjonen held seg oppe hos dei tilsatte?
Bli med oss på frukostmøte med Motivati, der vi skal se på kva gode tiltak ei bedrift kan få på plass.
Vi vil og sjå på ein motivasjonsanalyse som både forsking og praksis har vist at gir ei innsikt som gjer det lettare å vera leiar.
Cecilie Lycke – dagleg leiar og eigar av Motivati AS
Cecilie er utdanna siviløkonom med lang og variert leiarerfaring innan økonomi, HR og gründerskap. Motivasjonen hennes er drømmen om å gjere det lettare å lukkast som leiar.
Forskinga er heilt tydeleg på at opne og trygge organisasjonar basert på tillit og gode relasjonar, oppnår dei beste resultata. Det føreset god leiarskap. Då er det bekymringsverdig at så mange melder at dei ikkje har tid til å utøva leiing, og at så mange medarbeidarar seier at dei ikkje blir leidde på ein god og motiverande måte. Dette ønskte me å gjera noko med, og sette i gang ei spennande reise med utviklinga av Motivati.
Motivati er leiarverktøyet som gir unik innsikt i dei tilsette arbeidskvardagen sin. Dei har utvikla ein metode som gjer det lettare for leiarar og sjå kva det er som bør fokuserast på i medarbeidarsamtalen.
Grunnlaget for metoden er ein motivasjonsanalyse som gjer det heilt tydeleg kva medarbeidarsamtalen bør dreia seg om.
– Då er det også lettare å tilpassa sin eigen leiarskap til kvar medarbeidar, fordi ein enklare ser kvar skoen klemmer, seier Lycke.