29.09.2023

Vi snakkar med Waive AS!

Frå sjøkanten på Lepsøy sørger Waive AS for trivsel både for folk og fisk.

Tekst: Irene R. Mjelde

Waive AS, tidlegare Aquabio, er lokalisert midt i eggeplomma for fiskeri. Peter Skaugvold er dagleg leiar, og den sjønære utsikta deler han med firmaet sin gründer, marknads- og salssjef, Berit Heltne. I tillegg har dei to medarbeidarar med seg frå Paris. Men fransk kan dei ikkje.

– Berre nok til at dei to der nede i Frankrike syns det er morosamt, ler den daglege leiaren.

– Fortel litt om bedrifta dykkar!

– Waive tilbyr ei eigenutvikla løysing for overvaking av merdar i oppdrettsnæringa, med utgangspunkt i ein veletablert franskprodusert sonar for fiskerinæringa.

Ved bruk av sonarløysinga til Waive kan oppdrettarar kartlegge alt som skjer i merden.

– Sonaren gjev nøyaktig informasjon i høg oppløysing. Han held oversikt over biomasse, teljing og vektfordeling, og innhaldet av merden blir presentert i ein 3D-modell. Snart er òg moglegheit for rømmingsalarm på plass, reklamerer Heltne.

– Om ein laks då skulle komme seg ut av merden vil det bli registrert omgåande. Ein kan òg sjå kva retning han svømmer.

Teknologi- og utviklingsbedrifta har eksklusivitet på verdsmarknaden når det gjeld oppfinninga si. For å finansiere forsking og utvikling av produktet søkte dei etter aksjonærar på Dealflow, ei digital folkefinansiering som koplar saman bedrifter og investorar. 100 aksjonærar melde seg. Våren 2021 kom òg Valinor med – eit norsk, familieeigd investeringsselskap med fokus på berekraftige løysningar innan fornybar energi, infrastruktur og havbruk.

– At Valinor kom på bana utløyste eit tilskot frå Innovasjon Norge på 3,5 millionar kroner. Eit nytt tilskot, som blei tildelt frå forskningsrådet i 2022, til Waive, Lingalaks, Aanderaa Data Instruments og SINTEF, skal sørge for vidare utvikling og spreiing av produktet vårt, reiegjer Heltne.

– Vi fekk maksimalt mogleg tilskot. Det betyr mykje, både økonomisk og tillitsmessig, at Forskningsrådet har tru på det vi gjer, legg Skaugvold til.

– Kva konkurransefortrinn har Waive AS?

– Vår store fordel er at vi har gått for ein teknologi som etter vår meining eignar seg aller best til denne typen datauthenting. Sonaren vår er eit breitt produkt med særs mange målepunkt. Per i dag er ikkje konkurrentane våre er i nærleiken av å kunne levere ei løysing med slik nøyaktigheit og omfang som den vi kan tilby, klarerer Skaugvold.

– I tillegg blir alt måleutstyr montert på utsida av merdane. Ingenting må stå på innsida.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Kjempestort! I Noreg finst det om lag 4000 merdar for laks. På verdsbasis er talet 7000. I tillegg kan produktet vårt på sikt tilpassast andre fiskeartar, fortel Heltne.

– Vi har gått for ein leigemodell. På den måten slepp kvar enkelt oppdrettar å drifte det avanserte utstyret sjølv. Waive skreddarsyr ut frå kunden sitt behov, og sørger for at kvar leigetakar har optimalt utbytte av løysinga.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Vi er eit forhaldsvis nytt selskap, med eit heilt nytt produkt. Vi må knekke salskoden, men signala vi har fått tyder på at utsiktene er særs gode, seier Skaugvold.

Litt utfordrande kan det bli, trass i dei vakre omgjevnadane, å rekruttere nye arbeidarar.

– Slik framtida ser ut no, kan vi fort få behov for å utvide talet tilsette. Når det gjeld det vi kallar «operation», kan det vere ein fordel at vi er lokalisert i Bjørnafjorden. Her i området er det mange med kompetanse frå anlegg og fiskeri. Men, på programmeringssida blir det vanskelegare å finne fram til folk med den rette kompetansen. Særleg sidan vi er lokalisert her ute i øyane. Å jobbe frå heimekontor har blitt vanleg, men samtidig ønsker vi å bygge opp eit sterkt lokalt team.

Sjølv pendlar Skaugvold frå Bergen sentrum.

– Det er som om eg kjem til syden kvar dag, lokkar han.

– Eg køyrer gjennom den nye tunnelen, og kjem på jobb til betre vêr og til ein blenkjande vid våg like utom kontorvindauget.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen? Er det noko de ville ha endra på?

– Waive har ikkje eksistert så lenge at vi har møtt så mange utfordingar når det gjeld rammevilkår. Slik vi forstår det, ligg rammevilkåra greitt til rette for oss, meiner Heltne.

– Det einaste eg kan påpeike er eit generelt ønske om at det kunne vore lettare for oppstartbedrifter å komme seg inn i ein etablert bransje.

– Kva planer har de for framtida?  

– Vi vil bygge stein på stein. Vi går for harmonisk vekst og kvalitet framfor kvantitet. Den vanskelege oppstartperioden er over. No har vi eit ferdig operativt produkt å vise kundane våre. Lanseringa var på Aqua Nor-messa no i august. Tilbakemeldingane var formidable, noko som viser at marknaden begynner å bli klar for ein slik type løysing som den vi tilbyr.

Planen deira framover er å begynne med å sanke kundar. Å søke etter meir kapital må òg til, for dei har snarlege tankar om å tilsette to nye medarbeidarar.

– Det blir særs spennande framover, konkluderer Skaugvold.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det er veldig verdfullt for oss å være i ei klynge der det finst så mange bedrifter med så samansett kompetanse. I næringsrådet finn vi kundar, potensielle kundar og personar for alle moglege støttefunksjonar, avgjer Heltne.

– Næringsrådet gjer ein særs god jobb med å styrke bedriftene i kommunen. Det er brei variasjon i arrangementa deira, og terskelen for å delta er liten.

Fakta om Waive AS:                                                                                                    

– Tilbyr innovativ sonarløysing til oppdrettsanlegg og fiskeri.

– Har kontor i Røtingavegen 23, på Lepsøy i Bjørnafjorden.

– Har fire tilsette, to i Noreg og to i Frankrike.

– Eigd av totalt 120 aksjonærar, med Valinor som hovudaksjonær.

– Etablert i 2019.

– Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.

– Nettside: www.waive.no