Torsdag 31. august

Særtrekk ved familieeigde verksemder

Familieeigde verksemder er unike organisasjonar, der eigarane skal forvalte både eigarskap, familieband, ulike livsfasar og interessar, noko som kan være ei kompleks oppgåve å nagivere. Dei mest suksessfulle familieeigde verksemdene, er dei kor familiens omforente formål og verdiar vert identifisert og får kome til uttrykk i ei heilheitleg forvaltning av eigarskap, familien og individa.

Ein bør hensynta både det enkelte individ, familiebanda og verksemdas rolle i lokalsamfunnet, og aktivt leggje til rette for både løpande forvaltning av verksemda og gode overgånger frå generasjon til generasjon. I Deloitte Advokatfirma ser ein at ei verdibasert og heilheitleg tilnærming er viktig for denne gruppa av eigarar og verksemder. Ved langsiktig planleggjing av både skatt, økonomi, styring, drift og samarbeid legg ein til rette for at verksemda og familiens livsverk kan blomstre på tvers av generasjonar.

  • Stad: Bjørnafjorden Gründerparken, Torggata 14
  • Tid: 8.30-10.00 (lett frukost og mingling frå 8.00)
  • Pris: Gratis for medlemmer / 250kr for ikkje medlemmer