31.08.2023

Vi snakkar med Fjordfolk AS!

Ein Oslo-kar og ei trøndersk ei har dei siste fire åra sørva oss innan sosiale og faglege tilstellingar.

Tekst: Irene R. Mjelde

Etter at Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt hadde drøfta potensialet i fleire år, bestemte dei seg jula 2018. Under tre månader seinare var Fjordfolk AS eit faktum.

– Som innflyttarar er det lettare å få auge på forbetringspotensiale der du bur. Vi snakka om det lenge, at det hadde vore nyttig med eit arrangementsbyrå i Bjørnafjorden, fortel Kristensen.

– Fortel litt om firmaet dykkar!

– Vi kallar oss arrangementsplanleggarar, begynner Kobbeltvedt.

Med samla bakgrunn frå turné-, sal-, event-, hotell og reiselivsbransjen hadde dei to venene solide bein å stå på. Opningsåret starta dei med å arrangere ein festival og ein lokal konferanse. Men året etter kom med pandemi, nedstengingar og restriksjonar. Den planlagde festivalen gjekk med i dragsuget, og dei to gründerane måtte tenke nytt.

– Ein kan seie at vi blei ein slags kommunikasjonsbyrå. Vi jobbar mykje med lokal handel, faste prosjekt og arrangement i Os sentrum. Det er utruleg kjekt å vere med å skape noko i nærmiljøet.

Etter covid-tida har firmaet òg fått utvikle seg i den først tenkte retninga. Blant anna har dei inngått eit særs produktivt samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter.

– Kulturhuset vårt er som skapt for møteverksemd og konferansar, og i oktober går den fjerde utgåva av Bjørnafjord konferansen av stabelen. Som teknisk arrangør samarbeider vi med eigaren av arrangementet – Bjørnafjorden næringsråd.

Konferansen har økt i omfang år for år.

– Å samle det lokale næringslivet tettare saman er hovudtanken bak Bjørnafjord konferansen. Vi i Fjordfolk er opptatt av lokal næringsutvikling, og det er stor stas for oss å vite at deltakarar knyt nye relasjonar og skaper ny business i etterkant av arrangementet.

Fjordfolk-teamet meiner det er mange fordelar å hente for bedrifter som vel å hyre eit byrå til å sy saman arrangementa sine.

– Kundane våre sparer tid. Vi har stor kjennskap til kva som finst av kvalitetsrike moglegheiter. Vi kan logistikken, vi veit kva som trengst, og vi har ein stor leverandørbase å innhente medarbeidarar frå, til dømes til catering, teknisk arbeid og transport.

Dei skipar tilstellingar av god kvalitet, til gode prisar, uansett størrelse av arrangement. Mange faste kundar Fjordfolk som tilretteleggar av ulike arrangement gjennom året.

– Teambuilding, sommarfest, julebord. Både sosiale og faglege samlingar, og gjerne private arrangement òg. Vår jobb er å sy saman dei gode arrangementa, og vi er alltid på leiting etter dei unike opplevingane. Ekstra gøy er det å ta folk med på slikt som dei ikkje visste fanst, nærast rett utom døra.

Fjordafolk kreerer kundearrangement og -reiser både i utlandet og over heile Noreg. Særleg har gründerane forelska seg i Hardanger, og dei har ekstra stort hjarte for det lokale reiselivet.

– Det er så mykje spennande å oppleve som ikkje ein treng å reise så langt for å finne. Bjørnafjorden har enormt potensiale for utvikling av reiselivet. Vi har så uhorveleg mykje flott å vise fram.

– Kva konkurransefortrinn har Fjordfolk AS?

– Vi heldt til på ein forhaldsvis liten stad, og er dermed synlegare enn om vi hadde halde til i ein storby. Så vidt vi veit er Fjordfolk det einaste firmaet av sitt slag i heile Bjørnafjorden kommune, seier Kobbeltvedt.

– Med den nye vegen har Os kome enda tettare på bykjernen. Det tar faktisk kortare tid frå flyplassen og hit, enn det gjer til Bergen sentrum, kommenterer Kristensen.

– 15 minutt i bil, så er ein midt i sentrum av Os.

– Når vi har med oss besøk utombygds frå blir dei lamslått over det vakre området og over fasilitetane vi har tilgjengeleg, held Kobbeltvedt fram.

– Til dømes er Oseana eit hus vi i framtida har lyst til å gjere enda meir bruk av. For lokale aktørar er det gull verd å ha eit slikt flott lokale i nærleiken. Og for tilreisande er det kjekt å vere samla på éin stad og samtidig vere nær alt.

Fjordfolk har fleire faste kundar i Bergen sentrum. I Marinehallen på Marineholmen tilskipar dei stadig store samlingar.

– Vi har knytt til oss mange gode kontaktar og samarbeidspartnarar i Bergen sentrum. Til dømes har vi arrangert tilstellingar for TV2, Brann og Bataljonen.

– Korleis er marknaden innan dette feltet? 

– Nærast utøymeleg! Vi frykta at bedrifter etter covid-tida ville avstå frå sosiale arrangement, men det motsette har skjedd. Godt arbeidsmiljø er hard valuta på rekrutteringssida. Det er kamp om dei gode tilsette og trivsel på arbeidsplassen er blitt desto viktigare, reiegjer Kristensen.

– Det vi derimot ser er at dei sosiale trendane har endra seg, fortel Kobbeltvedt.

– Kundane våre føretrekk no jordnært og naturleg, framfor «stivare» arrangement som inneber kvite dukar og skjorte og slips.

– Ordet «eventbyrå» høyrest så fancy ut, men arbeidet vårt er variert og ikkje alltid så glamorøst som det kan høyrast ut. Det blir mykje rigging, vasking og rydding, skyt Kristensen inn.

– Vi har svart belte i å bere bord og benker, ler Kobbeltvedt.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– Pandemien gjorde marknaden vår mindre føreseieleg. Mange tapte store summar på avlyste arrangement og vågar ikkje lenger å planlegge i god tid. Resultatet er at det blir vanskelegare å gje kundar tilbodet dei ønsker seg. Dette gjeld særleg seint på vårparten, då mange skal arrangere sommarfestar og avslutningar. Førespurnader som gjeld sommarfest for 300 tilsette om 14 dagar, er det nærast umogleg å innfri.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen? Er det noko de ville ha endra på?

– Prisane har auka på det meste den siste tida. Matkostnader er høgare, og særleg er arrangement som inneber utanlandsreiser sårbare ovanfor prisauken. Kundane er vant til ein viss pris og kan reagere på auka arrangementskostnader.

– Kva planer har de for framtida?  

– Vi har ingen planar om å vokse i talet tilsette, men vi skal halde fram med å forbetre kvaliteten på leveransane våre, og trekke til oss enda fleire kundar.

Fleire lokale arrangement i Oseana er ein viktig del av framtidsplanane deira.

– Vi har òg jobba ferdig eit produkt på reiselivssida som vi, igjen på grunn av covid, har måtta kansellere heile tre gonger, trass i bestillingar frå heile verda. Det gjeld eit femdagars båtcruise med opplevingar rundt Hardangerfjorden, der ein overnattar på eit nytt hotell kvar natt. Vi håpar å få realisert dette tilbodet i 2024.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Fjordfolk har etablert eit tett, inspirerande og stimulerande samarbeid med Bjørnafjorden næringsråd. Når vi arrangere diverse møtestader for næringslivet ilag, får vi i Fjordfolk godt innblikk i kva som finst av små og store bedrifter i området. Utvalet er samansett og veldig spennande, og når ein har oversikt er det lettare å ta i bruk kvarandre sine tilbod, understrekar Kristensen.

– Det å ha kontor i Gründerparken har nærast vore avgjerande for Fjordfolk sin eksistens, påpeiker Kobbeltvedt.

– Her er det lett å kople seg saman med nødvendig kompetanse ein ikkje sit med sjølv, som rekneskap, eller jus. Og ved å jobbe i eit fellesskap får ein òg jamn tilgong på skryt, og moglegheit til å rose andre. Det er viktig å bygge kvarandre opp.

– Det fabelaktige arbeidet Synnøve Mowinckel legg ned som leiar i næringsrådet må òg nemnast. Ho bygger opp næringsrådet stein på stein, rosar Kristiensen.

Fakta om Fjordfolk  AS:                                                     

  • Arrangementsplanleggar.
  • Har kontor i Gründerparken i Os sentrum.
  • Har to tilsette.
  • Eigarar er Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt.
  • Etablert 8. mars 2019.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.fjordfolk-norway.no