30.05.2022

Vi snakkar med Bjørnafjorden Opplevelser

– Frå ei lita draum i 2012 til fullbooka kalender i 2022 – «No vert det snart på tide å vurdere faste tilsettingar» seier ei lattermild Hugo Hansen

Medlemspraten denne månaden er med Hugo Hansen i Bjørnafjorden Opplevelser.

Av Gøril Eline Nordtvedt

1. Fortell litt om Bjørnafjorden Opplevelser
Vi er eit lite AS, ei familieverksemd som består av Hugo og Britt («seniorane», gift) og Anna og Christian («juniorane», sambuarar). Familien liker å bruke naturen sjølve, og ønskjer å dele dette med andre. Verksemda starta som ein liten hobby, kor tanken var å tilby dykkeropplevingar. Tanken vart først tenkt i 2012, og påfølgande år bygde Hugo og Britt eit naust som dei ønskja skulle vere ei del av eit kommande tilbod. Først i 2018, i samband med at dei vart tildelt midlar frå Fjordfondet, tok dei steget ut og etablerte eit AS som då vart formelt stifta i starten av 2019. Dei fire styremedlemmene driv verksemda på frivillig basis, kor alle har fulle stillingar i andre jobbar. Hugo, til døme, arbeider i brannvesenet og Anna i helsevesenet. Den vesle familien hadde likevel ein draum og ei tanke om at dei ville få folk til å bruke Bjørnafjorden mykje meir. Dei visste kva fjorden hadde å by på av opplevingar både i form av natur og mat, og ønskja å leggja til rette for dette.

Kombinert hadde dei ein god del kunnskapar frå før og hadde allereie tatt mange av dei sertifiseringa som var naudsynte for å mellom anna kunne ta folk med ut i kajakk, båt og på dykkerturar. Det låg ikkje ei grandios «superplan» i botn, men alt har på eit sett berre gått seg til undervegs, fortel Hugo. Dei har brukt lite midlar på marknadsføring men fekk raskt eit godt rykte og kunne syne til gode opplevingar og «word of mouth». På den måten vart promoteringa handtert av fornøgde kundar. Kombinert med eit godt og fruktbart samarbeid med Solstrand Fjordhotell har det ført til ei stadig aukande vekst i førespurnadar og bookingar for den vesle verksemda. Dei skreddarsyr opplegg for kundane som er «all inclusive», og driv mykje med teambuilding for verksemder, familieutfluktar, bursdager med meir. Sjølv om alle fire investerer mykje tid og arbeid inn i Bjørnafjorden Opplevelser, er dei fortsatt ikkje tilsett nokre av dei og gjer det meste av arbeidet med ei «gründerspirit» utan uttak av løn eller utbytte. Det meste av innkomsten går vidare inn i verksemda i investeringar i utstyr og for å sikra vidare drift.

2. Kva slags konkurransefortrinn har de?
Det var ingen som dreiv med den kombinasjonen av kurs, utleige og opplevingar som vi gjorde da vi starta opp, og det var jo sjølvsagt ein stor fordel for oss når vi skulle gå i gong.
No har det kome fleire til men vi ønskjer jo helst samarbeid med tilsvarande verksemder som oss. Dette ønskjet om samarbeid, og fruktene av det, ser vi jo resultata av. Mange søkjer samarbeid med oss, og det vert vi glade for. Eit døme er at vi har gjort mye i lag med NEMO, ei vel etablert verksemd som driv med dykkarsertifisering i Bergen. Eit anna døme er arbeidet med Solstrand.

3. Korleis er det å få kundar no?
Det detter inn kundar heile tida! Vi har ei heimeside og ei Facebookside som er godt besøkt og kundane kommer på sett og vis til oss utan at vi må gjøre så mykje for det. Vi kjenner oss veldig heldige, og er i en situasjon der vi nesten må takke nei til oppdrag fordi vi har så full kalender denne sesongen. Særleg når vi arbeider med dette på fritida vår. Hovudgeskjeften vår har vore mykje kajakk og våtkort no i koronaperioden, i samarbeid med NEMO i Bergen. De siste par årene tapte vi mykje på turismen men sidan vi er så nye kan vi ikkje vise til tap i rekneskapen på same måte som etablerte verksemder kan. Det er jo gjerne aberet med å ikkje ha tilsette, tala speilar jo ikkje kor mykje arbeid som vert nedlagd av oss som driv med dette. Det er gjerne på tide å tenkje på tilsettingar, ler Hugo!

4. Kva er den største utfordringa?
Vi skulle ønskje vi hadde større plass og meir økonomi til å kjøpe naudsynt utstyr som vi per dags dato ikkje har. Øvst på ønskelista står ei større, elektrisk ribb med plass til mykje fleire folk, og med det ei større plass å ha som base. No må vi leige inn disse tenestene andre stader som igjen går ut over økonomien. Med til dømes ei større båt på plass ville vi kunne påteke oss større oppdrag. Draumen er jo å få til eit lokalt samarbeid, gjerne med Corvus som etter sigande skal etablere seg i Lyseparken! Tenk – ei heilelektrisk løysing på det som i utgangspunktet er eit tilbod forankra i det grøne skiftet, miljøet og ein positiv utnytting av naturressursane våre! Det må vi vel våge å drøyme om.

Det å vere familiemedlemmar og samstundes styremedlemmar i eitt er også utfordrande. Å drifta ei verksemd er jo ikkje alltid gull og grøne skogar, det kan vere tøffe tak og som styre må vi jo til tider ta vanskelege slutningar eller ha nokre diskusjonar oss i mellom. Då kan det jo vere utfordrande å gå ut frå det møtet og gå frå å vere styremedlemmar til å vere mor, far, svigerfar og ektefeller. Men vi klarar jo det også!

5. Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko du vil ha endra på?
Eg tenker spesielt mykje på dette med turisme og båtturar, som krevjar svært mye sertifisering. Bare å ta med seg 2 stk. på tur i båt krevjar mange forskjellige kurs, mykje som tilsvara kva ein som jobbar på ein cruisebåt må ta for å jobba der. Vi er veldig bevisste på å ta alle dei naudsynte kursa og følgjer alle krava, men det er jo ganske krevjande for oss som driver i små skala. Det er mange regler å sette seg inn i og mange kurs og sertifiseringer ein må ha i forkant. Så lenge ein har med folk og menneskjer å gjere er dette jo sjølvsagt viktig å følgje, men det er ganske omfattande for oss som driver i relativt liten skala.

Rammevilkår tilpassa storleiken på drifta kunne vore ok, men samstundes er det nok eit behov for å gre alle over éin kam i denne typen bransje. Ein må være ansvaret bevisst når ein driver med det vi driver med, og da er dei strenge vilkåra ei god rettesnor.

No driv vi med dette som en bi-geskjeft og dermed går det greitt, men det er nok mykje eg ville gjort litt annleis om dette var fulltidsjobben min. Økonomiske støtteordningar har vore gode for oss, vi søkjer på det vi kan og har fått grei utteljing men fordi vi er nye så er det jo vanskelig for oss å vise til f.eks. inntektsfall ifm koronastønadsordningane. Det er mykje dugnadsarbeid og dermed faller vi utanom mykje som vi elles kunne eller burde vore ein del av.

6. Kva planar har de for framtida?
Om 5 år har Bjørnafjorden Opplevelser ein stor elektrisk ribb, gjerne i samarbeid med Corvus, og ei stor base sentralt i Bjørnafjorden. Vi har masse kurs og server mange fleire turister og tilreisande, og driver med mykje dykking på vinterstid. Vi tilretteleggjer for endå fleire events, teambuildings og kurs med fokus sanking av mat frå havbotnen og tilbeding av måltider i naustet vårt. Og vi har minst to heiltidstilsette!

FAKTABOKS:

  • Bjørnafjorden Opplevelser AS er Hugo og Britt (mann og kone), Anna (dattera til Britt) og Christian (kjærasten til Anna). Hugo er austlendig, Christian er sørlending og samen bur de alle i Øyane og skaper begeistring for Bjørnafjorden.
  • Firmanamnet vart etablert lenge før kommunen endra namn, og har ikkje en samanheng med dette. Fokuset har heile tida vore Bjørnafjordbassenget og kva ein kan hente av opplevingar der.
  • Blant tilbodet til verksemda finn du kajakkturar med guide, kursing i kajakk, dykking og sanking at mat, fjordcruise og skreddersydde gruppeturar for små og store gruppar.
  • Dei er medlem av Bjørnafjorden Næringsråd
Bjørnafjorden Opplevelser
Bjørnafjorden Opplevelser
Bjørnafjorden Opplevelser