Torsdag 14. september
Leiarrolla er og blir spesielt viktig for arbeidsmiljøet. God leiing er ein føresetnad for å leggja til rette for eit godt arbeidsmiljø og førebyggja sjukefråvær. Mange førstelinjeleiarar og mellomleiarar manglar spesifikk leiarkompetanse. Mange går kanskje frå rolla som kollega til rolla som sjef.
Basisprogrammet i leiing er nettopp utvikla for verksemder som ønskjer å gi denne gruppa leiarar meir kompetanse og tryggleik i leiarrolla. Innhaldet i programmet er basert på dei utfordringane som leiarar møter dagleg i arbeidskvardagen. Programmet er spesielt utforma med tanke på små og mellomstore verksemder, men kan og vera relevante for større bedrifter.
NAV Arbeidslivsenter Vestland, Austevoll Næringsråd & Bjørnafjorden Næringsråd inviterer til eit informasjonsmøte om dette programmet. NAV Arbeidslivssenter Vestland har bygd opp kompetanse på å gjennomføre programmet og har allereie gjennomført det i mange bedrifter.
Kristin Hool frå NAV vil informere om programmet, kva som krevast frå verksemdene som deltar i programmet og det viktigaste av alt kva ei verksemd kan forvente av programmet og NAV.
Vi har også med oss Alfhild Austevoll frå Inka som vil fortelle om si erfaring frå gjennomføring av programmet.
Tenestene frå NAV til arbeidsgjevar er kostnadsfrie.
- Stad: Digitalt gjennom Teams
- Tid: 09.00-10.00
- Åpent for alle
Foredragsholder:
Kristin Hool
Seniorrådgjevar i NAV Arbeidslivssenter Vestland
… det har vore veldig kjekt og inspirerande å gjennomføre basisprogrammet i leiing for alle leiarane i Inka AS… moro å vere med på å legge til rette for endring og utvikling ved å sette fokus på kommunikasjon og samhandling, arbeidsmiljøutvikling, systematikk, rutiner mm…Spesielt kjekt å følge dei ulike leiarane sine eigne utviklingsprosjekt, etter kvart som dei tok form, vart sett i gong og kva resultat dei medførte…
Alfhild Marlen Austevoll
Forbetringsleiar, Alfhild Marlen Austevoll frå Inka.
Dei ulike modulane i programmet har gitt oss nyttig kunnskap og påminningar som me tar med oss i arbeidskvardagen.
Agenda for informasjonsmøtet:
- 09.00 – 09.05: Velkomen v/Synnøve Mowinckel, dagleg leiar i Bjørnfjorden Næringsråd
- 09.05 – 09.35: Informasjon om programmet v/Kristin Hool, senior rådgjevar Nav Arbeidslivssenter Vestland
- 09.35 – 09.50: Korleis har programmet vore for leiargruppa hos Inka v/Alfhild Marlen Austevoll
- 09.55 – 10.00: Spørsmål
Meir informasjon om programmet
Er du interessert i meir informasjon om basisprogrammet i leiing – sjekk ut NHO sine nettsider Lederopplæring: Fra kollega til leder | NHO eller kontakt med NAV Arbeidslivssenter Vestland.