Torsdag 12. mars – kl 08:00
Bli med og få gode råd til marknadsføringa di!
Gjennom lokal presse, annonsar, sponsorat, arrangement, messer og digitale flater gjer verksemder sitt for å verke attraktive. Men kanskje kjem ikkje oppdraga slik ein ønskjer? Kanskje er tilgangen uforutsigbar, at førespurnadene ikkje alltid passar, eller at det er vanskeleg å vite kva som faktisk gir effekt.
På denne fagfrukosten ser vi nærare på kva synlegheit eigentleg betyr – og kva som skal til for at ho skal gi fleire, og riktigare, kundar – ikkje minst lokalt. Målgruppa er både for leiarar som ønskjer å forbetra strategiane sine, og for dei som utfører i praksis.
kl 08:30 – 10:15 (mingling frå kl 8:00)
Stad: Bjørnafjorden gründerpark, 2. etg Torggata 14 på Osøyro
Servering av kaffi, te og enkel bespisning
Del A: Lokal synlegheit, rekkevidde og tillit
Ved Os og Fusaposten og Midtsiden
Lokal marknadsføring er i dag etterspurd fordi ho gir treffsikker merksemd, korte konverteringsløp og eit publikum som faktisk får med seg bodskapen. Kva slags synlegheit kan verksemder få gjennom lokale medium i 2026, og fungerer dette betre eller sikrare enn store sosiale medium?
- Korleis fungerer synlegheit i praksis hos dei to respektive lokalmediene?
- Kva legg lokale målgrupper merke til?
- Kva er skilnaden mellom redaksjonell omtale og betalt annonsering?
Del B: Frå synlegheit til dei rette kundane
Ved Marketing Strategist Marie Aase, Eagle Marketing
Korleis går ein frå synlegheit til kvalifiserte førespurnader?
Vi ser nærare på:
- Kvifor synlegheit åleine ikkje gir dei rette oppdraga
- Korleis uklare bodskap tiltrekker feil kundar
- Samanhengen mellom synlegheit, prioritering og oppfølging
- Kva som bør målast etter messer, kampanjar og annonsar
- Tre konkrete grep du kan ta i bruk med ein gong
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere







