Onsdag 25. mars – kl 08:30
Bjørnafjorden Næringsråd inviterer til eit frukost- og temamøte for næringsliv, eigedomsutviklarar og andre interesserte i bygg- og bustadsektoren. Målet er å gje innsikt og dialog mellom kommune, utbyggjarar og ein finansieringsaktør som Husbanken – og leggja til rette for fleire gode bustadløysingar i åra som kjem. Det blir særskilt fokus på omsorgsbustader.
Kvifor dette møtet?
Behovet for fleire og meir varierte bustader vart løfta fram av kommunen i høyringsrunden til arealplan – og behovet er stort også nasjonalt. Husbanken arbeider no aktivt med å samle bransjen regionalt. Kommunane blir oppmoda om å bidra med status i planarbeid, demografiske utviklingstrekk og bustadutfordringar – og nettopp dette er målet med dette møtet.
Bjørnafjorden kommune har gjort dei første silinga i ein viktig og omfattande prosess med ny arealplan. Etter at fristen gjekk ut 15. februar, kom det inn rundt 500 innspel – frå nye næringsområde og til bustadføremål. Om lag 220 av desse er no vidare til fase to, der fagteamet har grovsilt dei og vurdert at om lag to tredelar kan sendast vidare til konsekvensutgreiing. Dette har skapt stort engasjement, og møtet vil vere ei viktig arena for å forstå kva retning kommunen beveger seg i.
Innleiarar:
Eystein Venneslan – kommunalsjef for Samfunnsutvikling
- Status: Førebels funn i arealplanprosessen
- Kva som ligg i siling av innspela og vidare framdrift
- Kommunen sine vurderingar av bustadbehov: som bygging av omsorgsbustader, (bustader for eldre/tilvisingsbustader) og andre prioriterte formål
Bjarte Bøe Alræk – avdelingsdirektør, Husbanken Vest
Alræk vil gå gjennom dei økonomiske verkemidla som står til disposisjon for både kommunar og private utbyggjarar. Han vil særleg ta opp:
Låne- og tilskotsordningar for å realisera bustader for sal og utleige
Korleis tilvisningsavtalar fungerer i praksis
Korleis Husbanken kan vera ein strategisk partnar i prosjektering av nye bustadområde
Døme frå andre kommunar som har gjennomført liknande samarbeid
Praktisk informasjon
Dato: onsdag 25. mars
Tid: 08:30 – 10:00 (dørene opnar kl 8:00)
Stad: Bjørnafjorden gründerpark, Torggata 14 Osøyro
Servering: kaffi og te
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere






