Onsdag 22. april – kl 13:00 – 20:00 (Afterwork frå kl 17:00)
Går du med tankar om å starte eiga bedrift? Eller er du allereie i gong med draumen?
I samarbeid med Sparebanken Norge, Advokatfirmaet Kyrre og Etablerarsenteret arrangerer Bjørnafjorden næringsråd eit seminar for deg som ser etter hjelp, finansiering, hjelp eller ein stad for å møte andre etablerarar. Me fokuserer like mykje på du som skal starte i ei kjent næring, som servering eller handtverksnæring, som dei som siktar mot innovasjon og teknologi.
- ARRANGEMENTET ER GRATIS Å DELTA PÅ
- SERVERING AV PIZZA
- AFTERWORK FRÅ KL 17:00 – MED FOREDRAG & QUIZ
Det å starte opp for seg sjølv, å verte gründer, er ein draum for mange. For andre blir det gjerne med tanken, sjølv om ideen er god eller ein sikker på at marknaden er der. Bli med på ei halvdagssamling med informerande foredrag og engasjerande oppgåver.
Ein som har opplevd formidabel vekst er Kaj Myklatun. Lær korleis han har skalert Pota Madre til ein eigen serveringskjede på rekordtid – ikkje minst grunna sin ærlege framtoning og vilje til å høyre på kunden.
Dato: 22. april
Tid: 13:00 – 20:00 – (Offisielt program ferdig kl 17, og Afterwork startar)
Adresse: Fabrikken, Os næringspark, Holtbrekka 7, 5200 Os
PROGRAM
(fullt program kjem 10. april – pausar undervegs)
13:00 – 17:00 Registrering, mingling og lett servering
17:00 – 20:00 Afterwork (kryss av i skjema om du vil delta her også.)
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








