Torsdag 28. mai – kl 18:00 – 23:00
OPPDATERT: Dessverre vart det ikkje nok forhåndspåmeldte til å gjennomføre sommarfest på MS Midthordland 28. mai. Sanam med styret har administrasjonen valgt at festen må diverre avlysast.
Det vart ein god del bedrifter som meldte seg tett på innan fristen for forhåndspåmelding, men ikkje nok til at det ville vore økonomisk forsvarleg. Me ville jo også at det vart tilstrekkeleg med deltakarar til å styrke nettverksbygginga.
Men, i tillegg til dei som meldte seg påmeldt, fekk me fleire titals tilbakemeldingar om at dette var eit flott tiltak som dei gjerne ville delta på – men at datoen kolliderte. Difor vil me innan neste år invitere inn til eit tilsvarande arrangement.
Presisering til dei som var påmeldt, det blir ikkje sendt ut nokon påmeldingsavgift.
—-
Forslaget var å nytta MS Midthordland, ikkje minst for å skape eit tilbod for verksemder på begge sider av Bjørnafjorden. Avgang Ossida kl 18. Heimkomst estimert rundt kl 22:30 / 23:00.
Dei reisande kan hentast på Osøyro og Venjaneset/Vinnes-området.
Servering av måltid om bord eller på Engevik Gard.
Me treng eit minimum av påmeldte, og ber bedrifter vise si interesse no. Utsett svarfrist er 27. april.
Pris kr 1250,- eks. mva. per person – Påmeldinga er bindande.
Me set pris på tilbakemelding uansett.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere









