Torsdag 18. juni – kl 09:30
30 prosent av dei fylkeskommunale vegane i Vestland er i så dårleg forfatning at dei treng vegforsterkning. I ytterste konsekvens har det vorte foreslått at utsette vegstrekningar kan bli nedklassifisert – at tyngre køyretøy ikkje kan få nytta dei utsette strekningane. Politisk er det varsla at ikkje bør skje. Det er ønske om ei prioritering frå mellom anna næringslivet, då det er lagt opp til å bruka over 300 millionar kroner på vegforsterkning i fylket dei neste åra.
Me kaller difor inn til eit medlemsmøte på Teams torsdag 18. juni. Me vil då informere litt meir og håper me kan få innspel frå bedrifter. Næringsrådet har gjort noko undersøkingar blant enkelte medlemmer allereie, men vil ha ein siste avsjekk før me skal sende inn innspel. Lenke til møtet er: https://teams.microsoft.com/meet/350864441872993?p=AZqpWcdWppsIXEKLps
I Bjørnafjorden er det meir enn 42 kilometer med utsatte strekningar fordelt på 14 ulike vegar:
Hålandsdalvegen
Holmefjordvegen
Sundvorvegen
Sævareidvegen
Fusavegen
Hegglandsvegen
Strandvikvegen
Holdhusvegen
Øvre Hålandsdal
Holsundvegen
Sperrevikvegen
Skeisflata
Lyseklostervegen
I Samnanger er det om lag 14 kilometer fordelt på Samnangervegen, Solbjørgvegen og Kvitingsvegen.
I dette interaktive kartet kan ein sjå strekningar som er identifiserte: https://www.fylkesatlas.no/share/75c438f8326f

Meir om saka:
I heile vår har både vårt næringsråd, dei me samarbeider med gjennom Næringsalliansen Vestland og fylkespolitikarar arbeidd for at ei nedklassifisering av strekningar i fylket ikkje vert gjort. Nedklassifisering vil stort sett gjelda forbod for transport med køyretyg som har 10 tonn akseltrykk eller høgare. Også Os og Fusaposten har omtala denne saka.
Fylkesutvalet vedtok 28. april at «Fylkesutvalet vil ikkje rå til at ein skriv ned aksellast, då det vil ha svært negative verknader for innbyggarar og næringsliv. Dersom det er særlege tilfelle der ein fagleg meiner det er uforsvarleg for dei vegfarande, kan ein kome med sak til politisk behandling for den enkelte vegen.»
Vegmyndigheitene seier dei likevel kan vorte nøydde til å gjere tiltak. Dei ber difor om våre prioriteringar. Me var i eit møte 11. juni tydlege på at me ikkje kan akseptere nedklassifiseringar som går ut over næringslivet. Så her må me rett og slett få fram prioriteringar og konsekvensar, men like viktig – arbeidde for at viktige strekningar for næringslivet blir forsterka. Bjørnafjorden næringsråd har identifisert tre ulike, prioriterte typar strekningar som er utsette:
Gjennomgangskorridorar med høg andel tungtrafikk
FV48 (Hålandsdalvegen og Holmefjordvegen) og FV552 (Fusavegen) har ein markant høgare andel lange køyretøy enn gjennomsnittet for vegnettet. Desse vegane er ryggrada i varetransporten for eit breitt spekter av verksemder i kommunen, og er samstundes dei einaste reelle omvegane for sjøbasert transport via ferjestrekningane Hatvik–Venjaneset og Gjermundshavn–Årsnes. FV48 og FV552 er vidare dei primære innfartsårene til kommunedelsenteret Eikelandsosen, der fleire transport- og produksjonsbedrifter – mellom anna innan betongproduksjon – er heilt avhengige av at tungtrafikk kan nytte vegane utan ytterlegare restriksjonar.
Tungt belasta strekningar knytte til store og veksande næringsområde
FV579 Hegglandsvegen er tilkomstveg til Hegglandsdalen industriområde, som veks aktivt i 2026 og i åra som kjem. Begge områda er det spelt inn utviding av i arealplanen. FV5112 Holsundvegen er einaste tilkomstveg til Samnøy tømmerkai, der tømmer frå heile fylket skipes ut – og der ny næringsutbygging er under planlegging. Bereevna på desse vegane er allereie kritisk, og trafikken er på veg opp.
Tilkomstvegar med stor samfunns- og næringsnytte
Vegane i denne kategorien tener bedrifter med høg og regelmessig bruk av tunge, lange køyretøy. Felles for mange av desse er at det ikkje finst alternativ til å nytte store køyretøy – ein kan ikkje enkelt erstatte eit vogntog med ein mindre bil. Å redusere til fleire og mindre turar vil i tillegg medføre auka utslepp og fleire køyretøyrørsler, noko som er det motsette av ei god samfunnsutvikling. Dersom desse strekningane ikkje når opp i prioriteringa og aksellastreduksjon likevel vert vedteke, meiner me det må etablerast ei dispensasjonsordning for faste næringsbrukarar. Verksemder som er heilt avhengige av tilkomstvegane for å ta imot leveransar, skipe ut varer eller utføre transporttenester, kan ikkje råkast av generelle restriksjonar utan at det vert opna for individuelle løysingar. Sævareidvegen, Holdhusvegen / Øvre Hålandsdal, Strandvikvegen og Lyseklostervegen er døme på slike.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








