Torsdag 1. oktober – kl 10:00
Stad: Bjørnafjorden gründerpark, Torggata 14 Osøyro – 2. etg
Teams: https://teams.microsoft.com/meet/37142584668251?p=2je2OORJWJwdLHPgfM
Fjordfondet har søknadsfrist 11. oktober. I dette kurset kan du få gode råd om du har tenkt å søkje Fjordfondet. Les meir om Fjordfondet her.
Kurset kjem også meir generelt inn på teknikkar og råd som kan nyttast i andre samanhenger – om du skal i dialog med investorar eller søkje ulike ordningar. Kurset er retta slik at ein ikkje treng dele sin ide med andre deltakarar om det er utfordrande. Det er også mogleg å følgje kurset på Teams, men me ønskjer at du registrerer deg på førehand.
I skjema er det også mogleg å be om eit 1-1-møte med kurshaldar Kristian Bruarøy same dag. 1-til-1-møta pågår frå 12:15 og utover ettermiddagen. Me prioriterer først dei som vil ha fysisk møte. Meld frå i skjema kva som passar deg. Alt som blir delt i desse 1-til-1-møta, blir halde konfidensielt.
Kl 11:30 pleier bedriftene i Gründerparken å spise lunch. Ta med niste og diskuter frå dei som arbeider med eigne idear og selskap. Enkelte selskap som sit i Gründerparken har alt motteke tilskot.
Fjordfondet er eit prosjekt næringsrådet har saman med Agenda Vestlandet / Sparebanken Norge.
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








