Onsdag 10. desember – kl 08:30
Korleis bruke KI i praksis – frå enkle verktøy til avanserte løysingar?
Kunstig intelligens er ikkje lenger framtida – men eit reelt arbeidsverktøy for både små og store verksemder. På dette seminaret tek vi for oss konkrete måtar bedrifter i Bjørnafjorden kan ta i bruk KI for å jobbe smartare, spare tid og levere betre.
Gjennom praktiske demonstrasjonar og caser frå til dømes byggenæringa, får du sjå korleis KI kan bidra frå dei enkle oppgåvene til dei mest avanserte prosessane:
Enkle behov: Gratis og lett tilgjengelege verktøy som alle kan ta i bruk – utan forkunnskap.
Middels nivå: Verktøy som hjelper med førearbeid og automatisering av tekst, tal og dokument.
Avansert bruk: Korleis ein kan bygge eigne KI-modellar og kombinere dei for meir presise svar og intern effektivisering.
Gjennom heile programmet følgjer vi praktisk dømer: korleis utforme eit tilbudsbrev – frå innsanking av prisar og kalkylar til automatisert tilpassing for kunden.
Vi ser òg på korleis KI kan hente data frå eksterne kjelder, forstå kundens behov og til slutt hjelpe oss å svare raskare og betre.
- Oversikt over tilgjengelege verktøy
- Ein forståing av bruksområder og avgrensingar de ulike verktøya har
- Viktige omsyn å ta når du tar i bruk AI – som personvern, feilkjelder, datahandtering og avgrensingar ved teknologien
Seminaret blir arrangert av Bjørnafjorden næringsråd i samarbeid med vårt medlem Bergøya. Målet er å gje lokale bedrifter innsikt og inspirasjon til å ta i bruk kunstig intelligens på sine eigne premissar – frå det enkle og nyttige til å bli nysgjerrig på det strategisk avanserte.
Tid og stad:
Bjørnafjorden Gründerpark, 2. etg Torggata 14, Osøyro
Kl 08:30 – 11:00 (mingling frå kl 8:00).
Kaffi og lett frukostservering
Blir arrangert saman med:

Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere







