Torsdag 23. mai
INNKALLING
Årsmøte i Bjørnafjorden Næringsråd.
Når: Torsdag, 23. mai 2024 kl 18:00 (medlemsmøte frå 19:30 – 21:00)
Hvor: Bjørnefjorden Golfklubb, Hatvikvegen 20, 5211 Os
Program Årsmøte
- Registrering av medlemmer
- Godkjenning av innkallinga
- Val av møte funksjoner: Møteleiar og 2 stykk til å underskrive protokollen
- Styrets årsberetning for 2023
- Rekneskap & balanse for 2023
- Kontigentsatsar
- Framlegg
- Val
Framlegg til saker på årsmøtet må leverast skriftleg til styret innan to veker før årsmøtet.
Framlegg sendast til post@bfnr.no
§8 Røystereglar:
“Alle saker i styre og årsmøte vert avgjorde med vanleg fleirtal med unnatak av dei tilfelle som er nemnde i paragraf 9 (Oppløysing) og 10 (Endring i vedtekter). Er røystetalet likt, er leiaren si røyst avgjerande. Ein kan berre røyste ved personleg frammøte eller ved skriftleg signatur eller e-post.”
Vedlegg til nedlastning
Registrering
Her kan du registrere din deltakelse
MEDLEMSTREFF
Tid: 19.30 – 21.00
Stad: Bjørnefjorden Golfklubb, Hatvikvegen 20, 5211 Os
Etter ein vellykka avslutning på årsmøtet, ønskjer vi å invitere alle medlemmar til ei hyggeleg samling på Bjørnefjorden Golfklubb. Om du ikkje har moglegheit til å vera med på årsmøtet, men ønsker å vera med på medlemstreffet, er du hjarteleg velkommen. Hugs å merk av på påmeldingsskjemaet.
Saman skal vi nyta eit herleg måltid fra Asia Mat, i godt lag før vi begir oss ut på drivingrangen for instruksjon. Her er det nok stor variasjon på kunnskap og ferdigheitar, men vi legg opp til at alle skal få noko ut av opplegget.
På drivingrangen vil vi få lære golfsvingen grundig, etterfulgt av ei runde på puttinggreenen for å forbetra våre putteslag. Og har vi meir tid, tar vi sjølvsagt ein tur for å utforske korthullsbanen, der vi kan teste våre nyerverva ferdigheiter i ein avslappa miniturnering.
Vi håpar å sjå så mange av dykk som mogleg! Og hugs det er aldri for seint å lære golf 🙂