Fredag 14. juni
Dataangrep aukar i omfang og frekvens – fleire og fleire verksemder blir råka i form av virus, hacking eller andre angrep. Desse angrepa varierer frå sofistikerte hackingoperasjonar til meir tradisjonelle former for svindel, som phishing og løysepengvirus.
Utfordringane knytt til desse truslane er mange og omfattande, og påverkar både økonomi, tryggleik og tillit. For mange små og mellomstore verksemder kan slike truslar vere katastrofale.
Dei økonomiske tapa, tap av tillit, truslar mot personvern og den teknologiske kompleksiteten gjer det nødvendig med kontinuerlege og omfattande tryggingstiltak. Gjennom å investere i gode sikkerhetsløysingar, halde seg oppdatert på trendar innanfor datatryggleik, og følgje gjeldande regelverk, kan verksemder betre beskytte seg mot desse truslane og redusere risikoen for alvorlege konsekvensar.
MEN korleis skal din verksemd forbereda seg?
Dette og meir skal vi snakka om når vi samane med Fana Sparebank, inviterar til siste frukostmøte før vi tek sumarferie.
Det er begrensa antall plassar på dette frukostmøtet, så hugs å tinga din plass allereie i dag!
Agenda for frukostmøtet:
- 8.00 – 8.30: Frukost & mingling
- 8.30 – 9.00: Dataangrep aukar i omfang og frekvens – fleire og fleire verksemder blir råka i form av virus, hacking eller andre angrep. Angrepa har som føremål å skade, forstyrre eller overbelaste datasystemet. Rune Thingstad Husby frå Eika forsikring snakkar om korleis verksemda kan beskytte seg mot store tap.
- 9.00 – 9.30: For eit drøyt år sidan opplevde Abacus IT alle verksemder sitt mareritt, dei vart hacka og fekk løysepengvirus. Sven R. Nilsen, administrerande direktør i Abacus IT, fortel historia.
- 9.30 – 10.00: Vi opplever ein aukande tendens til svindel og svindelforsøk i banken. Svindlarane er stadig på jakt etter større summar og brukar nye metodar. Benedicte Heggenes Pedersen, fagansvarleg betalingsformidling i Fana Sparebank, arbeider dagleg med tematikken og snakkar om utviklinga.