Tirsdag 21. april – kl 08:30
Stadig fleire leiarar ser at AI kan bli ein viktig del av det som skaper konkurransekraft – ved å gi rom for automatisering, innovasjon og høgare tempo.
På dette frukostmøtet tek vi utgangspunkt i Deloitte sin Tech Trends 2026-rapport, som peikar på korleis verksemder no går frå eksperimentering til reell effekt med AI, robotikk, ny infrastruktur og nye måtar å organisere teknologi på. Rapporten trekkjer mellom anna fram fem sentrale områder som vi skal få høyre meir om.
Sigurd Kirkebø (bilete) frå Deloitte kjem for å gi oss innsikt i dei viktigaste teknologitrendane som er venta å prege dei neste 18 til 24 månadene.
Deretter får vi to lokale case som viser korleis utviklinga allereie treff næringslivet i Bjørnafjorden:
Samba Marin: Kva moglegheiter opnar ny teknologi til sjøs – og korleis kan dette skape nye løysingar og konkurransekraft i maritim næring? Samba Marin er eit servicebåtrederi med ein moderne flåte som leverer spesialiserte tjenester til havbruks- og offshoreindustrien.
Octaos: Noko over eitt år er gått då AI vart «nytilsette programmerarar» hos Octaos – kva har det gjort med arbeidsrutinar og produktivitet? Frå Gründerparken på Osøyro leverer Octaos den den foretrukne handelsplattformen for vinduer og dører i Norden.
Praktisk informasjon:
Dato: tirsdag 21. april
Tid: 08:30 – 10:00 (dørene opnar kl 8:00)
Stad: Bjørnafjorden gründerpark, Torggata 14 Osøyro
Servering: frukt, kaffi og te
Med atterhald om endringar
Abonner på nyhetsbrev og få oppdateringer på arrangement
Våre samarbeidspartnere








