Tirsdag 30. april
Bli med på ein lærerik morgon med Advokatfirmaet Riisa og Frende Forsikring når vi tek føre oss viktige tema rundt styreansvar og ansvarsreglar.
Som dagleg leiar i ei bedrift, eller som eit styremedlem, har du eit visst ansvar, og blir omfatta av ansvarsreglar. Styret er det øvste forvaltningsorganet for verksemda og har no eit aukande risikobilete å ta omsyn til.
Saman vil me gi ei innføring i erstatningsansvaret for styremedlemmer i aksjeselskap, og korleis risiko kan reduserast. Særleg sentralt er ein gjennomgang av dei sentrale pliktene til styret i aksjelova, ansvar for dagleg leiar, og dessutan ulovfesta reglar.
I vanskelege tider kan ei verksemd oppleva eit krysspress. Omsynet til eigarar, tilsette, og samarbeidspartnarar kan tilseia at ein held oppe den kontinuerlege drifta si som før, gjerne i håp om at nedgangen er forbigåande. Samtidig har kreditor også rett til informasjon om den økonomiske situasjonen for verksemda. Korleis kan styret og dagleg leiar balansera desse kryssande omsyna, gå klar av erstatningsansvar og samtidig lojalt vareta informasjonsplikta si?
Vi sjåast tysdag den 30.04.2024 for ein inspirerande og nyttig morgon!
- Stad: Bjørnafjorden Gründerpark
- Tid: 8.30-10.00 (frukost & mingling frå kl 8.00)
- Pris: gratis for medlemmer / 300kr for ikkje medlemmer
Agenda:
- 8.00 – 8.30: Frukost & mingling
- 8.30 – 9.15: Advokatfirmaet Riisa vil gå igjennom dei viktigaste ansvarsreglane
- 9.15 – 9.30: Kaffipause
- 9.30 – 10.00: Frende Forsikring har òg solid erfaring og kunnskap som kan vera til nytte for bedrifter. Harald og Arnstein vil gje ei oversikt over kva slags forsikringar styret og dagleg leiar bør vurdera.
- 10.00: arrangementsslutt