26.04.2024

Vi snakkar med Bjørnefjorden Golfklubb!

Vi snakkar med Bjørnefjorden Golfklubb

– Golf er helseinvestering; leik, sosial moro og meistringskjensle, seier Bjarte Wiberg.

Tekst: Irene R. Mjelde

Våren er komen, og tidlegare i april fekk ivrige golfspelarar endeleg igjen sleppe til på det edlaste grøne området hos Bjørnefjorden Golfklubb.

– Når sommargreenen opnar er det som julaftan og 17. mai på ein og same dag. Det blir som eit kalveslepp, illustrerer Bjarte Wiberg, dagleg leiar av klubben sidan 2019.

Han er lidenskapeleg opptatt av jobben sin. I tillegg er kona leiar av damegruppa i golfklubben, og yngstedottera er elitespelar. Når det er ferietid går gjerne familieturen til ulike golfarenaer rundt om, og den årlege guteturen blir òg sjølvsagt innretta etter golfen, gjerne med daglege ti timar på bana.

– Eg er så heldig å ha jobben min som hobby, og omvendt. Utfordringa med å ha eit naturleg engasjement for arbeidet er at det er vanskeleg å skilje mellom fritid og arbeidstid. Ikkje minst er det vanskeleg for omverda å skilje mellom fritida og arbeidstida mi.

Wiberg humrar. Problemet stikk tydelegvis ikkje så djupt.

– Fortel litt om Bjørnefjorden Golfklubb!

– Golfklubben vår, som i all hovudsak er bygd opp ved hjelp av dugnad, blei starta av ein gjeng entusiastar i 1994. Vi feirar såleis 30-årsjubileum i år.

Dei siste fire åra har idrettslaget nesten dobla medlemsmassen sin.

– Vi var ein av dei få organisasjonane som kom godt ut av korona-klemma. Golf- og idrettsforbundet gjorde ein kjempejobb inn mot regjeringa då dei forhandla for at aktiviteten på golfbaner skulle få halde fram trass i nedstengingar. Det gav oss mange nye medlemmar, og sidan har medlemstalet halde fram med å vekse.

I fjor haust noterte dei seg talet 865 på medlemslista. Det tilseier at Bjørnefjorden Golfklubb no er det tredje største idrettslaget i Bjørnafjorden. Eigenkapitalen er bygd opp til 1,7 millionar, og golfklubben har fått ein tryggare økonomisk base.

– Eit idrettslag skal i utgangspunktet ikkje gå i balanse, men god økonomi skadar ikkje, påpeiker leiaren.

– Klubben har mange økonomiske bein å stå på, frå tilskot, eigen golfbutikk, kursverksemd, turneringsavgifter og medlemskontingent. Men så er utgiftene heller ikkje få. Grasbana skal handterast med spesialmateriell, og medarbeidarar skal lønast. Forutan meg sjølv har golfklubben to faste tilsette; ein innan rekneskap og administrasjon, og ein «greenkeeper», som har baneansvaret, for å klippe graset på ei golfbane krev særkunnskap. I tillegg har vi ein god del sesongarbeidarar som trør til når det trengst.

Bjørnefjorden Golfklubb tilbyr VTG (Vegen til golf) helgekurs, med instruksjon i slagteknikkar og nødvendig opplæring innan sikkerheit og reglar.

– Vi har Bergens beste treningsanlegg, med kortholsbane og to innandørs simulatorar. Desse er særs populære, spesielt på vinterstid. Å utvise god kundebehandling er veldig viktig for oss, og klubbmiljøet er heilt upåklageleg, erklærer Wiberg.

Blant alle Noregs golfklubbar blei Bjørnefjorden Golfklubb kåra som den med best kundebehandling både i 2020 og i 2023.

– Vi har faktisk vore nominert kvart einaste år, supplerer ein stolt golfklubbleiar.

Golf er ein ypparleg aktivitet når du treng å tømme hovudet for livets strabasar.

– Om du er aldri så stressa har du klarna hovudet når du kjem til hol to. Golf er ein konsentrasjonssport og egnar seg ypparleg for å fremme god folkehelse, påpeiker Wiberg.

Han vil til livs dei mange mytane som er knytt til golf, som at det er ein rikmanns- og latmannssport.

– Prisane våre er absolutt konkurransedyktige. Vi ønsker ikkje at økonomiske tersklar skal vere hindre for å spela golf. Og forsking viser at ved å gå i to timar forbrenn ein like mange kaloriar som om ein joggar i tre kvarter. Når ein går rundt på kryss og tvers over bana er ein etter eit par timar fort oppe i 12 000 – 15 000 skritt. Etter ein turneringskveld kan talet vere oppe i 30 000 skritt.

Wiberg vil òg poengtere at golf er ein etiketteidrett.

– Uskrivne reglar tilseier at motspelarane dine skal handsamast med omsyn, høflegheit og respekt. Gode slag skal rosast, sjølv om det er konkurrenten din som utfører dei. Dette er viktig lærdom å ta med seg, for alle.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Markedet er særs veksande. Interessa for golf aukar stadig, faktisk så sterkt at vi ikkje lenger treng å bry oss med marknadsføring. Takka vere vårt flotte forbilde Viktor Hovland har golf blitt ein medieidrett, òg i Noreg.

Men Wiberg understrekar at sporten absolutt ikkje berre er for ekspertar.

– I samarbeid med kommunen tilbyr vi spesialtilpassa instruksjon og sosiale speletimar for grupper der deltakarane har ulike helseutfordringar. Golf er ein sport for alle; born, ungdom, vaksne og eldre. Vi har medlemsfamiliar her i klubben der tre generasjonar er spelarar.

Dei nye tunnelane mellom Os og Bergen kortar inn reisetida frå andre bydelar. Det gjev golfklubben i Os mange gjestespelarar. I tillegg har Bjørnefjorden Golfklubb det Wiberg kallar ei ideell plassering – på Hauge, berre ein kort kilometer frå Osøyro.

– Bana vår ligg idyllisk til, med utsyn både til Bjørnafjorden, Ulriken og Folgefonna, alt etter kvar ein er på bana og kva retning ein ser. Ho har andre kvalitetar enn det flatare golfbaner har, og spelarar frå andre bydelar kjem gjerne hit til oss for å trene. Kupert terreng gjer berre bana meir spennande.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– At vi ikkje eig området golfklubben ligg på, vi berre disponerer det som leigetakarar. Området har stor marknadsverd som bustadområde, og deler av tomta ligg innanfor eit område som er prioritert for utbygging.

Dei har ein leigeavtale som berre gjeld i ti år, noko som betyr at det ikkje er mogleg for golfklubben å søke om offentlege spelemidlar, som har minimum leigetid på 30 år som kriterium.

– Vi har forståing for at grunneigarane ikkje vil utvide leigeavtaletida, men det er slitsamt å drive på nåde. No har vi sett ned ei arbeidsgruppe som jobbar med dette, og med tida håpar vi på ei tryggare framtid, seier Wiberg.

– Leigeavtalen med den eine av grunneigarane går ut i 2026, så vi har ikkje så veldig god tid på oss.

– Kva planar har de for framtida?  

– Øvst på lista står sjølvsagt å få på plass ein avtale som tryggar område vårt. Det vil vere med å sikre at vi kan ha ei sunn og god drift, òg i framtida. Drifta av frivillige organisasjonar er prega av at ting går i bølger. Det gjeld å gjere desse bølgene så små som mogleg, slik at ein skapar tryggheit for drifta. Vi vil arbeide for å bevare interessa i befolkninga for å drive med golf.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– Det er av stor verdi for oss å vere medlem av næringsrådet. Det er slik vi får synleggjort aktiviteten vår for næringslivet. Medlemmane våre er folk i alle kategoriar, inkludert bedriftseigarar og leiarar. Vi er kreative, og lagar skreddarsydde løysingar for lokale bedrifter som vil bruke golfklubben til å synleggjere seg sjølv og skape relasjonar i sine respektive kundegrupper. Per i dag har vi 30 samarbeidspartnarar i næringslivet.

Wiberg meiner at noko av det beste med Bjørnafjorden er at her er overflod av spennande folk med spennande tankar.

– Og dét trass i at vi har ein kommune som slit med dårleg økonomi. Profilering er kostnadskrevjande. Os, og verdiane vi har her, er ein godt bevart hemmelegheit. Saman kan vi reklamere for kva bygda vår har å tilby, og slik skape ringverknader langt ut over kommunegrensene.

Fakta om idrettslaget Bjørnefjorden Golfklubb :

  • Adresse:  Hatvikvegen 20, 5211 Os.
  • Har 3 tilsette, samt fleire sesongarbeidarar.
  • Eigd av medlemmane i Bjørnefjorden Golfklubb.
  • Etablert i 1994.
  • Omsetnad 7,5 millionar.
  • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd.